Saman med dovringen Per Arne Glorvigen på bandoneon og Det Norske solistkor skal Siem fylle høgfjellsscena ved Rondablikk med klassisk musikk under Peer Gynt-stemnet i august 2016.

Ein draum

- Eg må innrømme at sidan eg tok over i Peer Gynt har hatt ein draum om å la dyktigheita i kor møte mektigheita i fjellmassivet Rondane. Det Norske Solistkor vil saman med kraftfulle instrument som fiolin og bandoneon gi ein gjenklang i heile fjellet. Eg er overbevist om at dette blir ein vakker konsert som vil løfte publikum opp og ut. Bort fra kvardagen, opp til fjella, seier Iren Reppen, kunstnarisk leiar for Peer Gynt-stemnet.

Charlie Siem er britisk, men med røter i Norge. Han er også kjent for meir enn at han er ein av sin generasjons dyktigaste britiske fiolinistar. Han er nemleg fotomodell.

- I lyngen ved Rondane kan ein fordjupe seg i den menneskelege røsta,  la seg lyfte av fiolinens kraft, og vitaliteten i Charlie Siem sine hender, saman med Per Arne Glorvigens spel,- og  smittande humør, meiner Reppen.

Per Arne Glorvigen. Dovring og bandoneonist.