Tysdag starta svenskane frå underentreprenøren Peab asfalt på arbeidet med å ordne fast dekke i Fåvang  sentrum før vinteren.

Om dei blir ferdige i tide er opp til værgudane, men så langt ser det bra ut på langtidsvarselet til Meteorologisk institutt.

- Det siste vi vil ha nå er snø, seier Ole-Anton Stø, som er anleggsleiar for hovudentreprenør Ahsco, og håpar på ein lang, god haust.

Les meir om Fåvang sentrum i Dølen torsdag.