Det var senterleiar på Sødorptunet, Hanne Britt Jacobsen, som sendte invitasjonen: Vil dykk kome på besøk til oss 1. desember?

– Jo lurte på om vi kunne lage litt julepynt og teikne teikningar som ho kunne pynte med. Da sette vi i gong, fortel Elise Beate Øien, styrar i Toksebakken barnehage.

Alle avdelingane kasta seg over arbeidet, og snart var fleire teikningar og litt julepynt i boks, utforma av kreative barnehender.

– Så tok vi turen til senteret for sjølve å henge opp det vi hadde laga, seier Øien.

– Barna gledde seg stort til å få besøke senteret og få pynta med det dei hadde laga, legg ho til.

Vekke nissen?

Det vart ei koseleg førjulsstund på Sødorptunet for både store og små denne fyste dagen i desember.

– Vi fekk omvisning, og midt på tunet, der låg det også ein liten nisse og sov. Hanne fortalde at han sov om dagen og gjorde rampestrekar om natta inne på senteret, fortel Øien.

Nokre av barna hadde nok lyst til å slå av lyset, for å sjå om nissen vakna.

– Vi vart einige om at vi måtte la nissen få sove, slik at han er utkvilt til julekvelden, smiler Øien.

Heile stunda på senteret vart avslutta med ein liten julekonsert med alle barnehagebarna, før det vart noko godt å smake på frå disken hos bakaren.