Førebels deler Amanda Graafland og venninna Berit Sand på kassene i grønnsakshagen mellom pølsemaker og optiker i Vålebrua. Men Graafland seier ho håpar det skal utvikle seg til å bli noko meir.

Starten på noko meir

Ein annleis møteplass, og kanskje ein stad der fleire med grøne og halvgrøne fingre kan møtast.

- Eg håpar det kan vera ein bra start til noko større, seier ho.

Og ikkje berre hageglade, her kjem snart utemøblar på plass, og iniativtakar Graafland seier ho kan tenkje seg at det går an med både utekonsertar og andre samankomstar.

Sjølv har ho hage heime på Kolflata, og har stor glede av den. Interessa deler ho med fleire, og kanskje er det nokon i sentrum som kunne tenke seg ein liten parsell i pallekarmhagen etter kvart?

- Førebels har eg og venninna mi halvparten av kassene kvar, men eg har masse idear for å utvikle det vidare, seier ho.

Dele grøn glede

Kanskje kan det spreie seg til andre stader. Nå er plana å få hagen ferdig planta og sådd til Multikulti i helga.

- Eg tykkjer det er fint å dele hagegleda. Kva er vel betre enn å dra ei sjøldyrka gulrot opp av jorda, skylle ho litt og eta der og da, spør ho.

Tomta høyrer til bygget Graafland og mannen Rob de Jong leiger av Jorunn Bjørge. Tomrommet mellom bygga var ikkje brukt til noko frå før, og etter litt grunnarbeid og utkjøring av matjord, plassering av pallekarmar og grus mellom, var det klart for planting.

Her kjem ulike slags grønsaker, bønner, gulrot, selleri, kålrot, rødbeter ... Mot ein sliten brannvegg blir det klatreplanter og solsikker etter kvart.

- Nå skal det jo bli restaurant ved sidan av her - kanskje vi kan dyrke litt kortreiste urter til den, undrar den nyslåtte bygartnaren.

Vekstene må ha vatn, og Fabriz (snart 4) hjelper til. Foto: Guro Vollen