17. desember opnar ny E6 gjennom Midtdalen. Nå ar Statens vegvesen offentleggjort nye bilete av anlegget, 360-graders foto.

– I september fekk vi tatt nye bilete av veganlegget frå lufta. Da var det omtrent eitt år sidan vi tok dei fyrste 360°-bileta, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

Dei fyrste 360-gradersbileta vart tatt i oktober i fjor.

Samanlikning med i fjor

Dermed kan ein nå samanlikne og sjå utviklinga.

– 360°-bileta er tatt med ti kamera som er montert under eit helikopter. Fotograf Arild Solberg, som er opphavsmann til denne spesielle 360°-fototeknikken, har tatt bileta på oppdrag frå Statens vegvesen, heiter det vidare.

Her kan du sjå bileta frå oktober 2015.

Her kan du samanlikne med dei ferske bileta frå traseen.

– Publikum kan bevege seg rundt i bileta, zoome seg inn på detaljar og klikke seg frå punkt til punkt langs den 33 kilometer lange utbyggingsstrekninga, opplyser vegvesenet avslutningsvis.