Statoil Strandtorget samla inn 38 200 kroner til Rosa sløyfe-aksjonen da Statoil Fuel & Retail knuste sin gamle innsamlingsrekord. I heile oktober har ein viss andel av bilvaskfortenesta til Statoil-stasjonane gått til Rosa-sløyfeaksjonen.

Og i Oppland vart det samla inn 253 450 kroner til kreftsaken, heiter det i ei pressemelding.

– Vi er veldig stolte av å vera den Statoilstasjonen i Oppland som har gitt mest til Rosa sløyfe-aksjonen. Dette er årets viktigaste kampanje. Vi har jobba hardt for å oppnå desse resultata og er utruleg stolte over innsatsen som medarbeidarane har vist og kundane som har vore så villige til å bidra til ein god sak, seier sørfrøning og stasjonsdriver Tomas Moen hos Statoil Strandtorget.

Best i fylket

Statoil Strandtorget samla inn mest av alle Statoil-stasjonar i fylket – og dei kom også på femteplass på landsbasis.

– Rosa Sløyfe-prosjektet set fokus på ein viktig sak som berører mange. Eg har sjølv opplevd denne sjukdommen i nær familie, og syns det er ekstra viktig å gi støtte og merksemd til kreftsaken, seier Moen.

Også Statoil Vinstra kan sjå attende på ein solid prestasjon i "konkurransen", med ein tredjeplass blant stasjonane i fylket.

Gjer som 7000 andre – følg Dølen på Facebook!