Onsdag var representantrar for næringslivet i Midtdalen og medlemar frå Midt-Gudbrandsdal næringsforening samla til si årlege førjulssamling på Rudi gard. Høgdepunktet var utdelinga av Verdiskapingsprisen til

Prisen har vore delt ut sidan 2005, med eit opphald i 2008.

- Årets vinnar set verkeleg Gudbrandsdalen på kartet, sa næringsforeningas leiar, Frank Mathisen, i sin presentasjon av vinnaren, som det etterkvart vart klart er kulturbedrifta Peer Gynt as på Vinstra.

Som ein av deltakarane på onsdagens arrangement sa det: Ein kan altså bli profet i eiget land!

Administrerande direktør Marit Lien og Rita Støstad tok imot prisen på vegner av Peer Gynt as.

- Vi er ingenting utan Gudbrandsdalen, sa ein rørt administrerande direktør i Peer Gynt as, Marit Lien.

Ho peikte framover og håpa at Peer Gynt skal kunne sørgje for enda større ringverknader i åra som kjem.

- Tusen, tusen takk, alle saman, sa Lien.

Næringsutviklingsarbeid

Verdiskapingsprisen blir delt ut til bedrifter eller enkeltpersonar i Midt-Gudbrandsdalen som anerkjenning for næringsutviklingsarbeid i løpet av året eller over eit lengre tidsrom, og som har resultert i auka verdiskaping i regionen.

Prisen er på 10 000 kroner og diplom, og pengane skal brukes til fellestiltak for dei tilsette i bedriften. I fjor var det vertskapet på Rudi Gard, Øystein og Nina Rudi, som fekk prisen.

Heidra gasellebedrifter

Kvart år blir det også sett ekstra fokus på såkalla gasellebedrifter. Gasellebedriftene blir kvart år kåra av Dagens Næringsliv, basert på visse kriterium.

I Nord-Fron toppar Solli Gulvstøping lista, med ein fjerdeplass i fylket. Bedrifta hadde ein omsetnad på 20,65 millionar kroner i 2015, og ei vekst på 1710 prosent. Rørlegger-service er gasellebedrift for andre år på rad. Dei hadde ein omsetnad på 19,6 millionar kroner og ein vekst på 223 prosent. På lista er også Vinstra lavpris (Europris), Brødrene Haugen Maskin og Grus, Hos Christl, Bakkens Treprodukter og Abaris Consulting.

I Ringebu er Lågen Elektro gasellebedrift, med ein omsetnad på 5 millionar kroner.

Les meir i papirutgåva av Dølen torsdag 22. desember.