Dølen overvar generalprøva på Fron kulturskule si førjulsforestilling "Reise til julegrøten" tysdag.

Og konklusjonen er klar: Får du ikkje julestemning av denne forestillinga kjem du sannsynlegvis ikkje til å få det.

Humring i nisseskjegget

For "Reisen til julegrøten" har alle ingrediensar ei slik framsyning skal ha: Koselege julesongar som du kan synge med attåt, ei historie det er lett å like (den minner tidvis sterkt om "Reisen til julestjernen" ...), og ikkje minst har ungane på scenen talent og sjarm nok til å få den mest innbitte julemotstandar til å humre i nisseskjegget.

På dialekt

Vi har tidlegare etterlyst at ungane i kulturskulen får spele på si eiga dialekt - det får dei denne gongen! Flott! Mange gode replikkar, og eit par bærande roller som leverer solide rolletolkingar gjer stykket til ein fornøyeleg seanse det er vel verdt å få med seg i (før)førjulsstria.

Og så må vi nemne scenografien, som er usedvanleg julete. Her er alt du kan tenke deg av jul trøkt inn på scenen i eitt og same scenebilete, inkludert ein gigantisk grautbolle stor nok til å halde dei 45 ungane som er med mette i eit heilt år.

Forestillinga har premiere onsdag 30. november på Vinstra kino, og blir også spelt torsdag 1. desember.

Les meir i papirutgåva torsdag 1. desember.

Ei kjempemessig grautskål er ein sentral del av scenografien. Foto: Bjørn Sletten