Brannen vart meldt inn til nødetatane klokka 13.26 fredag. Meldinga gjekk ut på at køyretøyet sto ved eit hus.

Seks minutt seinare kunne politiet opplyse om at dei fyrste etatane var på staden og at det ikkje var spreiingsfare. Det var sett i gong med slukking.

Det vart ikkje meldt om personar som var kome til skade.

Brannen vart raskt sløkt.