Valkampen veltar i desse dagar over oss med full tyngde, men for deg som ikkje kan stemme på sjølve valdagen, eller allereie har bestemt deg, står folk klar for å ta imot stemma di.
Klare for veljarar
I Nord-Fron har dei til nå teke imot 33 førehandsstemmer. Da er tidlegstemmene og dei som skal til andre kommunar rekna med. I servicetorget ved hovudinngangen på kommunehuset er dei klare for deg som kjem for å gjera borgarplikta di i Nord-Fron.
- Det er vanlegvis mange som er innom for å stemme dei to siste vekene før valdagen, da hender det vi har kø, til og med, seier Aud Kristin Kolobekken i servicetorget på Vinstra.
Mange av dei som stemmer, er ungdom som skal reise til studieplassen. Andre er folk busett i andre kommunar.
- I går var det femten som leverte stemma si, og det er ganske mykje, seier Janne Vaet ved skranka.
Hugs legitimasjon
Når nokon kjem for å førehandsstemme, blir to funksjonærar med inn i stemmelokalet. Du har med gyldig legitimasjon, og gjerne valkortet du har fått i posten. Ein funksjonær sørgjer for å finne fram namnet ditt i manntalet, den andre er vitne for at ting går føre seg på rett vis. Bak avlukket vel du så vallister til kommune- og fylkestingsvalet - eller ein av delane. Listene må så brettast rett veg, før du går fram og får stempel frå funksjonæren. Da kan stemmeseddelen puttast i valurna, og du blir kryssa av i manntalet.
I videoen forklarar valansvarleg Ingrid Stormyrbakken korleis du skal gå fram.
Godt val!