Spelselskapet Betsson har lova ordførarodds på samtlege kommunar i haustens kommuneval.

107 kommunar er allereie ute, deriblant 16 Opplandskommunar.

- Vi har som eiget mål å treffe på 80 prosent av våre ordførartips. Det betyr i så fall at vi skal treffe på 13 av 16 tips i Oppland, seier PR-manager Mikael Mellqvist fra Betsson.com.

Støstad er outsidar

Den tøffaste nøtta i Midtdalen så langt er ifølgje Betsson Nord-Fron, der det skiljer marginelt mellom favoritten Olav Røssum til 2 i odds og oddsoutsidaren Rune Støstad til 2.20 i odds. Høgres Ragnar Jacobsen er rangert som nummer tre med 8.00 i odds, mens det er langt ned til dei øvrige partia.

- I Nord-Fron er det veldig ope, og det er et også i Lesja, Lom, Øyer og Sør-Fron, seier Betssons PR-manager.

Betssons politiske satsing er eit ledd i å vera så lokale som mogleg.

- Vi har odds på 3. og 4. divisjon i fotball. I enkelte tilfelle også 5. og 6. divisjonskampar. Da er det naturleg å ha eit breitt spekter av odds på kommuneval også, avsluttar Mikael Mellqvist.

Spår skifte i Sør-Fron

Mens sittande ordførar Olav Røssum i Nord-Fron i følgje Betsson ligg best an til å halde fast ved klubba etter valet i september, ser det låkare ut for nabo Ole Tvete Muriteigen i Sør-Fron. Her går oddsen i utfordrar Hilde Holtesmo (AP) sin favør. Ho står til 1.80 i odds, mens Muriteigen (SP) har ein odds på 2.20. Erik Stenumgaard (Sør-Fron Bygdaliste) har 15.00 i odds mens høgres Jon Forr Toverud har 20.00 i odds.

Avstand ned til Fossmo

I Ringebu er det tydelegare avstand mellom dei to fyrste kandidatane. Sittande ordførar Erik Odlo ledar med 1.45 i odds, mot Arne Fossmos (AP) 3.80. Det spesielle i Ringebu er den stutte avstanden ned til tredjekandidaten, tidlegare AP-ordførar Arnhild Baukhol, som stiller til val som ordførarkandidat for Tverrpolitisk liste. Ho har ein odds på 6.00. Høgres Audun Amundsen står i 50.00 i odds, mens Mona Lillegård frå Frp og Berulf Vaagan frå Vestre båe har 100.00 i odds.

Ordførar Ole Tvete Muriteigen i Sør-Fron sit utrygt ifølgje bookingselskap. Foto: Bjørn Sletten/arkiv