Køa voks langt forbi vindauga på biblioteket, over ein time før sal, signering og bokbad. Og forfattaren sjølv er klar på at det ikkje ville vore aktuelt å lansere boka nokon annan stad enn i Ringebu.

- Det er ingen annan stad det ville bli forstått som her. Bygda har ein større del av denne boka enn noko av det andre eg har skrive, seier han.

Anslagsvis 300 personar kom til biblioteket på Ringebu for å høyre Lars fortelja om Søsterklokkene, i ei samtale med kultursjef i Lillehammer, Olav Brostrup Müller.

- Så mange har det aldri vore her, heller ikkje til åpninga i fjor, seier ein travel biblioteksjef til Dølen. Ellinor Brænd husar ei hending som har vore planlagt i borti tre år, kan bokhandlarveteran Inge Asphoug fortelja.

Boksigneringskøa ut att var skrivekrampeframkallande lang, og folk med og utan etternavn og gardsnamn frå Butangen stod i kø for å sikre seg eit fersk bokeksemplar.

- Eg har kjøpt boka, ja, forsikrar Ingvild Vestad, fyrst i signeringskøa etter boklanseringa.

- Sagnet om systerklokkene er knytt til Nedre Vestad, der eg kjem frå, og eg gler meg til å lesa.

Venninna Hilde Vedvik Guttu står også fremst for å få boksignering. Dei lokale namna gjer det ekstra artig, tykkjer ho.

- Også er eg jo tidlegare stavkyrkjeguide, så det blir spennande å lesa om, seier ho.