Håvard Pallsveen har på mange måtar minst tre-fire hobbyar i ein; med utspring i nettopp planetar, stjerner og galakser i verdsrommet.

– Du ser på stjernene, men du fotograferer også, og for å gjera det har du laga ein del utstyr?

– Ja, eg har bygd eit observatorium i hagen. Der har eg litt enkelt forklart eit modifisert kamera, ei teleskopmontering, som er eit slags betongstativ, og teleskopet. I tillegg er det eit tak som snurrar for å følge jordrotasjonen, slik teleskopmonteringa også gjer. (Sjå timelapse frå observatoriet under)

– Og med dette utstyret tek du til dømes bilete av galaksar 35 millionar lysår unna Fåvang? Eller stjernetåker som er «berre» eit par tusen lysår unna?

– Det kan eg gjera. Du kan jo på ein måte si at det er bilete bakover i tida. Og det ligg lange prosessar og mange eksponeringar bak kvart bilete.

Leo triplet: Ei samling galakser i stjernebildet Løven, ca. 35 millioner lysår unna. Foto: Håvard Pallsveen

– Men så kan det ta bokstaveleg både vinter og vår å ta det som blir eitt bilde?

– I Norge er dette ein sesonghobby, slik sett er sesongen over nå, det blir rett og slett for ljost i sommarhalvåret.

– Så dette er ein hobby for dei iskalde klare vinternettene? Frys du mykje?

– Eg må jo ut og starte opp og få det i gang når eg skal fotografere, men når sjølve fotograferinga går føre seg kan eg gå inn og årne meg ein kopp kaffe.

– For du må ta mange eksponeringar av same objektet for å få eitt godt bilete?

– Det stemmer. Det er veldig menge ledd i prosessen fram til eitt bilete. Mellom anna må eg ta bilete utanom teleskopet, for å korrigere for digital støy, og samanliknar med teleskopbileta, slik at støyen kan tas bort frå dei. Det må også vera ei styring på kor mange eksponeringar og kor lang tid på kvar, og så må dei behandlast etterpå.

– Å kikke på stjerner har dei fleste gjort, korleis starta du?

– Det var på vårparten, eg såg Venus og månen sto heilt tett, og lurte på kva det var. Bestefar hadde almanakk, og vi såg nok litt på dette saman. Der starta det.

Rosette Nebula: Rosettatåken er en emisjonståke/stjernehop i stjernebilde Enhjørningen. Ca. 5000 lysår unna. Foto: Håvard Pallsveen

– Sidan du starta har det vel vore ein heil revolusjon innan alle delane av hobbyen?

– Eg har nok forsøkt å ta bilete av stjernene siden oppstarten. Så utviklar det seg, teknologien blir betre, nå er det heilt andre moglegheiter på kamerabiten. Og eg starta jo før internett, nå kan ein finne forum og både lære nytt og hjelpe andre som er på same stad som eg var på for sju-åtte år sidan.

– Ein annan stad du likar å vera med, er på makerspace?

– Ja, det er veldig artig. Eg har bakgrunn i elektronikk og der er vi mange med ulik type bakgrunn og innfallsvinklar, og vi berre lagar ting. I dag er det kurs i koding, som tek for seg oppbygginga og logikken i dataprogrammering. Det ein lærer kan til dømes brukas til å programmere mikrokontrollarar. Sjølv styrer eg taket på observatoriet med ein slik.

Sola: Tatt med et astrokamera gjennom et solteleskop. Foto: Håvard Pallsveen

– Astrofotografering kan vera ein temmeleg kostbar hobby å drive med?

– Det går an å bruke uendeleg store pengesummar på astrofoto, men det går også an å ta det litt ned. Det går jo an å kjøpe litt brukt, og bygge litt sjøl, slik eg har gjort.

– Du har eitt bilete her der øvst og nedst i motivet manglar- det skal du ta neste år?

– Ja, det er fint med det at motiva ser heilt like ut også på same tid til neste år. Da håpar eg å få både øvst og nedst.

Heart Nebula: Del av hjertetåken, som er en emisjonståke ved stjernebilde Kassiopeia, ca. 7500 lysår unna. Resten skal fotograferes seinere. Foto: Håvard Pallsveen

– Det har ikkje vore så bra forhald for astrofotografering i vinter?

– Nei, det har vore veldig mykje overskya. Likevel har eg fått fleire bilete enn i fjor. Da var det tekniske problem som stoppa meg.