Highasakite, med blant andre Øystein Skar frå Vinstra og tidlegare VVS-elev Trond Bersu, vann laurdag kveld Spellemannprisen som årets beste popgruppe. Highasakite vann prisen for plata "Camp Echo".

– Det er utruleg stas, og noko vi er veldig glade for, seier Øystein Skar til Dølen. – Det er heilt uvirkeleg, legg sødorpingen til.

Dei andre nominerte i kategorien var No. 4 med plata "Henda i været", og Lemaitre med plata "Playing to lose".

Highasakite var også nominerte i klassen "Årets video", med videoen til kjempehiten "Golden Ticket", som forøvrig, litt underleg, ikkje var nominert i klassen "Årets låt".

Sjå videoen her:

Øystein Skar og Highasakite da dei spela på heimebane på Rudi Gard hausten 2016. Foto: Guro Vollen/arkiv