Omsorgssenteret kan vera på plass allereie i løpet av månaden. I følgje rådmann Per Lervåg i Ringebu, har kommunen fått signal om 20 plassar, og har allereie lyst ut stillingar for lærarar og helsesyster, for å møte eit auka behov. At kapasiteten ved Kløverhagen er rekna til 30 plassar ser han ikkje som problematisk.

– Det vil vera variablar som endrar seg, seier Lervåg.

Kan koma fort i gang

Dølen skreiv om den moglege etableringa av eit slik omsorgstilbod på Kløverhagen for om lag ein månad sidan. Drivaren som er aktuell er Kvæfjord Opplevelse og avlastning (KOA), på oppdrag frå Bufetat.

Dei har inne søknad hjå Bufetat, som skal godkjenne mottaket før det vil bli opna. Det er etter det Dølen kjenner til ikkje heilt klart ennå.

– Når senteret er godkjent, kan det koma i gang på ei veke, seier Lervåg.

Han understrekar at Ringebu har både helsesystre og lærarar, som kan ta hand om behovet til dei som eventuelt kjem til Kløverhagen fram til nye er på plass.

Nær 500 mottaksplassar i Midtdalen

Oversikta frå Fylkesmannen syner at det er 469 plassar etablert i både akuttmottak, ordinære mottak og mottak for mindreårige asylsøkjarar i Midtdalen. Dette er fordelt på akuttmottaksplassane på Kirketeigen, Rondablikk og Gålå,  samt Ringebu ordinære mottak og Kløverhagen omsorgssenter. Dette er oversyn som gjeld kapasiteten, ikkje belegget.

Tal frå Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) per 1. oktober,  syner at 327 flyktningar er busett i kommunane i Oppland. Nord-Fron har vedtak om å busetja 15, Sør-Fron 5 og Ringebu 15 i inneverande år.

Dei fleste er asylsøkjarar med opphald, som har budd i asylmottak, resten er overføringsflyktningar og familieinnvandra.