Denne veka blir Dølens lesarar presentert for åtte spaltistar, ei satsing som lokalavisa har jobba ei stund med å få på plass.

– Det er ei stor glede for meg å presentere denne buketten av fine og engasjerte folk. Eg har gledd meg som eit lite barn til å fortelje dette til lesarane, seier redaktør og dagleg leiar i Dølen, Tone Sidsel Sanden.

Dei utvalde dølane skal altså utgjere ei eigen spaltlisgruppe. Håpet er at dei skal bidra til ein breiare og meir mangfaldig og aktuell debatt.

– Gruppa er absolutt ikkje tilfeldig samansett, seier Sanden.

– Desse folka speglar mangfaldet i lokalsamfunnet. Dette er folk i forskjellig alder og med ulik bakgrunn. Med sitt utgangspunkt kan dei vere med på å sette dagsorden og skrive om det som opptek dei. Det er ei glede å kunne gje dei ei stemme i det offentlege ordskiftet, legg ho til.

Sjå presentasjon om kvar enkelt spaltist lenger ned i saka.

Full fridom

Kvar veke publiserer Dølen debatt og meiningar både på nett og papir. Redaktøren fortel at det kjem inn mange innlegg på e-post til redaksjonen.

– Lesarinnlegg er ein viktig del av innhaldet i lokalavisa. Vi skal vere ei plattform alle kan nytte for å kome med ytringar og for å dele meininga si. Vi opplever at det er mange av dei same folka som går att i debattspaltene, og ofte er det politikarar og leiarar, maktpersonar, som bidreg. Det er bra, det, men vi ønskjer også å engasjere «vanlege folk» og lyfte deira meiningar, seier Sanden, og fortsett:

– Vi vil at det skal vere låg terskel for å kome med meininga si i Dølen. Kanskje kan denne spaltistgruppa bidra til å forsterke dette inntrykket. Vi skal spegle vårt lokalsamfunn og det som dei som bur her er opptekne av, også på debattplass.

Framover vil Dølens lesarar blir presentert for ulike innlegg frå desse åtte personane. Kvar enkelt har full fridom til å skrive om det dei sjølve vil.

– Det er sjølvsagt ikkje lagt noko føring frå oss på kva dei skal ytre seg om. Eg reknar med at det vil bli både sterke meiningar og tydeleg tale, men også små kvardagsgløttar om interesser og aktivitetar, til skråblikk på samfunnet rundt oss. Eg tenker det er fantastisk å kunne gje desse åtte spalteplass i tida framover, seier Sanden, som også er fornøgd med å ha fleire unge stemmer med.

– Dølen skal vere like aktuell for alle, også for ungdommane og dei unge vaksne som bur her.

Dette er Dølens spaltistar:

Ola Røssum, 29 år frå Harpefoss.

Sambuar med Mari, og jobbar som forretningsutviklar i Alpinco.

– Eg studerte i Trondheim i fem år, og etter det har eg jobba tre år i Bergen og på Stranda. Fløtte heim att i fjor sommar. Eg har eit vidt spenn av interesser, men skal ein dømme etter kva som dukkar opp i YouTube-feeden min er dei største interessene for tida fjellklatring, skikøyring, gamle og/eller store maskiner, japanske sløydteknikkar, rustfjerning og gitarmusikk, fortel Ola.

Foto: Emil Sjåstad Nyeng
Foto: Emil Sjåstad Nyeng

Grete Lilleseter, 44 år, frå Kvam.

Jobbar som rådgjevar i Karriere Innlandet. Bur med sambuar og døtrer på 17 år og 14 år, og ei bikkje.

– Eg er glad i å sjå på seriar, i slektsgransking, planlegge interiørprosjekt som stort sett aldri blir noko av, lese, høyre på podkast - og da var dagen over, seier Grete.

Foto: Emil Sjåstad Nyeng

Selma Nylund Skurdal, 15 år, frå Harpefoss.

Bur heime saman med mamma, pappa, storesyster Gina og veslebror Sindre, pluss to kattar og ein kanin. Går i 9. klasse på Sør-Fron ungdomsskole.

– Eg er glad i musikk, dyr, bøker, og å gå eller sykle på tur. Eg har mykje humor, og tek gjerne ein diskusjon, seier Selma.

Foto: Emil Sjåstad Nyeng

Issam Abdullah Kadi, 40 år, frå Ringebu.

Er gift med Ranim som jobbar ved Ringebu læringssenter. Tre barn, Laith 14 år, Lamar 8 år og Lojal 2 år. Jobbar hos Annis pølsemakeri.

– Eg kom til Norge 23. september 2015. Eg har jusutdanning frå Syria. Elles er eg veldig glad i svømming, lesing, og så elskar eg å hjelpe andre, seier Issam.

Foto: Emil Sjåstad Nyeng

Anne Ringen Amundsen, 64 år, frå Vinstra

Er gift med Trond, og har to søner på 30 og 32 år. Er farmor til vesle Hannah på 10 månadar. Jobbar som spesialist i klinisk pedagogikk.

– Eg arbeider nå som rådgjevar i Midt-Gudbrandsdalen Pedagogisk-Psykologisk rådgjevingsteneste, og er gjesteforelesar på Høgskulen i Innlandet. Er svært oppteken av barn, foreldre, skole og barnehage. Korleis gode barnehagar og skular legg grunnlag for at barn får tru på seg sjølve og at deira bidrag er viktige for å forme ei god framtid for alle, seier Anne.

Foto: Emil Sjåstad Nyeng

Elise Sofie Meiningen Randsted, 17 år, bur i Ringebu.

Bur saman med mor, far og småsøskena på 13 og 4 år. Går til dagleg i andreklasse studiespesialisering på Vinstra vidaregåande skule.

– På fritida går mesteparten av tida mi til hesten min, samt dei andre dyra på garden, fortel Elise.

Foto: Emil Sjåstad Nyeng

Torgeir Høye Olafsen, 39 år, frå Ringebu.

Bur saman med sambuar og to små barn. Arbeider som skodespelar og prosessoperatør på Tine Frya.

– Ved sida av familie og jobb, går mykje av tida med til interessa rundt film og musikk, samt å følge så mykje som mogleg med på Liverpool og Molde i fotball, seier han.

Foto: Privat

Mina Letrud, 22 år, frå Vinstra, bur i Oslo.

Studerer pedagogikk ved OsloMet.

– Etter vidaregåande på Vinstra, flytta eg for å studere musikkteater ved Høyskolen i Kristiania, før eg starta på pedagogikkstudier. Eg bur i kollektiv med to venninner og kjærasten min i gamle Oslo, fortel Mina.