Ringebuordførar Erik Odlo og ordførar i Sør-Fron, Ole Tvete Muriteigen, hadde møte med Framstegspartiets Morten Ørsal Johansen på Stortinget førre veke angåande nytt fengsel på Frya.

– Han er positiv til Frya som eigna område. Men regjeringa må overtydast om at det må byggast eit fengsel i Gudbrandsdalen, seier Muriteigen.

Frya det beste alternativet

Bakgrunnen for at midtdølane nå set fart i planane er den nye Stortingsmeldinga om utviklingsplanen for kapasitet i kriminalomsorga som vart lagt fram rett før jul.

– Den stortingsmeldinga bekreftar at det er behov. Eg trur det må byggast eit nytt anlegg, og vi meiner at det bør byggast i Gudbrandsdalen. Og vi meiner området på Frya og Frya Leir er det beste alternativet, seier Ole Tvete Muriteigen til Dølen, og legg til: – For oss handlar dette om arbeidsplassar. Det er drivkrafta.

Det var eigar av Frya leir, Polmar Skar, som tok initiativet til å sjå på Frya leir som mogleg nytt anlegg i kriminalomsorga. Hausten 2014 vedtok regionrådet i Midt-Gudbrandsdalen å setje fart i arbeidet.

Mange om beinet

Men det er fleire om beinet. Norddalskommunane har også eit alternativ. Det same har Lillehammer. Eit fengsel betyr nemleg arbeidsplassar, og store ringverknader mellom anna i ei byggeperiode.

– Kor hardt står de på for at Frya leir skal bli valt?

– Det har vore litt stopp i arbeidet nå i påvente av denne Stortingsmeldinga, men nå står vi på for Frya. Men dette er eit langsiktig og ikkje minst veldig politisk arbeid. Alle i kriminalomsorga ønskjer fengsel nærme byane, men vi meiner det er gode argument for eit fengsel i innlandet.  Midtdalen ligg ikkje frykteleg lagt unna Oslo, samtidig som det ligg eit stykke unna. Her får dei innsette både nytt miljø og nye omgivnader, seier Muriteigen som ønskjer å få med seg næringslivet på Frya i forhold til mellom anna jobbtrening for dei innsette.

Mange fengsel i landet er frå 1860-talet, og for å få ned soningskøa kjøper staten nå soningsplassar i Nederland. Alternativet er nye anlegg. Men sjølv om Frya skulle bli valt, er det langt fram før eit fengsel kan stå ferdig.

– Det er eit langt lerret å bleike, men det er viktig at vi kjem i gang med den bleikinga. Det skjer ikkje noko i år, og kanskje ikkje neste år, men det kjem eit år etter der, og regjeringa har vore veldig tydelege på at dei vil få ned soningskøane.

Gamle Frya leir kan bli fengsel, om politikarane i Midtdalen får det som de vil. Foto: Bjørn Sletten