Knutepunktordniga vart i si tid innført av Arbeidarpartiet, og skal gi festivalar og festspel føreseielegheit over år, i form av faste overføringar frå staten. Peer Gynt-stemnet hadde i 2015 4,1 millionar i knutepunktmidlar.

Desse midla att, utløyser fleire midlar både kommunalt og fylkeskommunalt. Men nå skrur regjeringa att pengekrana, melder NRK.

Gjeldande frå 2017

Dersom Regjeringa og kulturminister Torhild Widvey får det som dei vil, kjem kun Festspela i Bergen og Festspela i Nord-Norge til å få vidareført støtta. Dei 14 andre festivalene vil fortsatt motta støtta neste år, men frå 2017 er framtida uviss. Etter det NRK erfarar vil kulturministeren fjerne den øyremerka statsstøtta slik at dagens knutepunktfestivalar må konkurrere om midlar på lik line med andre, skriv NRK.no torsdag.

Styreleiar i Peer Gynt as, Sten Magnus, er bekymra.

– Det er slik at når vi omset for 20 millionar kroner så blir det lagt att 80 til 100 millionar i regionen. Så betydninga av denne typen verksemd i ein region er mykje større enn det selskapet isolert sett omsett for, seier Magnus til NRK Hemark og Oppland.

Store ringverknader

Olav Røssum er leiar i stiftinga Peer Gynt, som eig Peer Gynt-stemnet. Dei har i lang tid jobba opp mot styresmaktene for å behalde ei støtteordning.

– Vi har vore kjent med det lenge at ordninga skulle endrast, og at sjansane for at det skulle bli ei endring er ganske stor. Vi har hatt fleire møter med representantar for regjeringa. Om det nå blir slik at ordniga blir borte, håper eg det kjem ei ny i staden. Ein kan ikkje ta vekk ei slik støtte utan å erstatte det med noko anna, seier Røssum til Dølen.

Røssum er einig med styreleiar Sten Magnus i at ringverknadene må telle.

– Det blir skapt ringverknader langt utover dei dagane sjølve stemnet pågår. Blant anna har kulturlivet i heile dalen gjennom året stor nytte av stemnet.

Viktig for distrikta

Han meiner at ei samanlikning med subsidiering av billettar i store institusjonsteater og til dømes operaen er på sin plass.

– Og der er støtta per besøk høgare enn på Peer Gynt-stemnet sine arrangement, seier han.

Røssum seier vidare til Dølen at når ein ser at institusjonar i sentrale strok er heilt avhengige av statleg stønad for å få det til å gå rundt, er det openbart at det er minst like viktig i distrikts-Norge.

– Eg meiner det er heilt nødvendig og rett å ha ei form for støtte til slike festivalar. Om det blir ei knutepunkt eller ei anna ordning er ikkje så fareg, men det er heilt nødvendig å ha på plass ei langsiktig og føreseieleg ordning, avsluttar Røssum.

Styreleiar i Peer Gynt as, Sten Magus, liker dårleg forslaget frå kulturministeren. Foto: Bjørn Sletten (arkiv)