Frich var ein av tre foredragshaldarar før lunsj på næringslivets dag, i regi av Lillehammer og Gudbrandsdal kunnskapspark, på Rudi gard torsdag.

Etterlyser vinnarkultur

Eigaren av Hundorp, Dale-Gudbrands gard, hadde sitt å si om tema for dagen, som var «Tørre å feile, tørre å lykkes», på Rudi Gard i Sør-Fron. Han etterlyste dølastoltheita og .

- Vi må ha ein vinnarkultur! Kva om vi fekk Egil Kristiansen til å coache dei 12 næringssjefane i dølakommunane, og lage eit verdsmeisterskap i døladrift, foreslo han.

Han meinte at å dele kunnskap, sjå kva dei som er gode har gjort, og å kollektivisere suksessen, er stikkord han meinte næringslivet i Gudbrandsdalen bør ta til seg i lys av dagens tema.

- Det kan virke som det er verre å lykkast til lengre nord ein kjem - og det kan vera litt einsamt, seier han.

Prøvestein i Lomoen

Sjølv driv Øyvind Frich fleire vegkroer, og er svolten på meir. Flaggskipet Frichs Kafeteria på Dombås saman med dei seks andre stadene han driv, omset for 100 millionar kroner i mat og drikke - det meiner Frich kan bli tredobla.

- Vi gjev oss ikkje der. Lykkast vi på Vinstra, skal vi utvide med etableringar alle stader det er folk. Det er mange store vegutbyggingar i Norge i dag, seier Frich.

Han seier til Dølen at konseptet på Vinstra vegpark gjev moglegheiter.

- Her har vi sjølve har fått lagt alle premissane frå botnen, og det vil bli ein prøvestein for korleis ein kan drive vegkroer, seier han.

Ein suksess vil synast fort meiner han, og da vil han satse fleire stader i landet - det er det ingen som greier per i dag, meiner Frich.