Politiet meldte om brannen klokka 22.55 søndag kveld.

Bussen, med 33 skuleelevar som passasjerar, vart i følgje politiet heilt utbrent, men ingen av passasjerane i bussen vart skadd i brannen. I følgje NRK Hedmark og Oppland skulle bussen til Fagerhøi leirskole i Sør-Fron.

Fekk ut nesten alt

Bussen skal i følgje NRK ha vore på veg opp frå E6 og mot Fagerhøi da brannen starta.

– Vi fekk melding om at det var ein buss som stod i brann der oppe. Bussen brant etter kvart ned. Alle elevane var i god behald, og dei fekk ut absolutt mesteparten av bagasjen dei hadde med seg. Det gjekk bra med både ting og alle folka, seier operasjonsleiar Geir Stavheim hos politiet i Gudbrandsdalen til NRK.