Det er underentreprenør Anlegg Øst entreprenør som er fyrst  på plass med to mann denne veka. Noko  avskoging av skråninga mot Coop, og fjerning av lag med matjord med gravemaskin på den gamle fotballbana, er det fyrste som skjer.

Alt grunnarbeidet skal vera ferdig før hovudentreprenør Evensen og Evensen går i gang september.

– Vi skal vera ferdige her til hovudentreprenør tek sikte på å starte her, som skulle vera rundt den tiende september, sier grunnarbeider Geir Ove Kråbøl. Biltema skal etablere ein butikk på omlag 5000 kvadratmeter i Lomoen. Dermed er restane av fotballbanen til Vestsida historie.