Turistane som kjem til Ringebu stavkyrkje kan få omvisning på norsk, engelsk, tysk, spansk, fransk og nederlandsk. Mellom seg meistrar dei tre guidane vi snakkar med, alle desse, utanom fransk.
- Ein får att mykje i form av språk og formidlingsevne, meiner Martin Tømterud, som er inne i sin åttande sesong som guide.
Dei fyrste to åra var det mykje å lære også om kyrkja og historia, men etter kvart sit dette godt.
Vil opprettholde tradisjonsrik jobb
- Ein får utfordra seg på språk, og å prate framfor forsamlingar, seier han.
- Det er ikkje det verste å ha på CV'en, er Fredrik Moen samd i.
Dei er vanlegvis to på "vakt" kvar dag, men i dag er dei tre, sidan Ymke Masurel er på opplæring. Arbeidagen er frå ni om morgonen til fem om ettermiddagen.
Vi møter dei tre i våpenhuset midt på dagen, ei ganske stille tid både i dag og til vanleg. Ved stavkyrkja er det gjerne eit morgonrush og eit nytt på ettermiddagen, med bussar som kjem på stramt program, fortel dei.
Ellers kan det lett bli litt dautid, innimellom pilegrimar og turistar som kjem utanom bussane. Det blir plass til boklesing, ser vi.
- Dei fleste pilegrimane er innom for å få stempel i pilegrimspasset sitt. Vi merkar at det er ein del av dei, fortel dei.
Ein kar kjem innom etter ein runde i kyrkja og spør kvar pilegrimsvegen går, og får peika ut vegen på andre sida av parkeringsplassen, og grinda der han held fram opp til prestegarden og forbi langs Vekkomsvegen.
Drømmejobb på hesteryggen i Rondane
Å få besøkjande til kyrkja til å ta turen 200 meter lenger, opp til Prestegarden, med hage, utstilling om stavkyrkja og kunstutstillingar, er ikkje så enkelt som ein skulle tru.
- Det er litt ulikt, og turistane som kjem med buss er vanskelege å få til å gå lenger, dei har gjerne for stramt program, seier Ymke.
Norske par er lettast å få til å kjøpe dobbelbillett, har dei sett.
- Og her om dagen fekk vi ein buss til å reise oppom, seier Fredrik, men det er langt imellom dei som gjer det.
- Kva for spesielle detaljar kan de vise fram i kyrkja, som ikkje utan vidare er synleg for folk?
Martin tek oss med inn i kyrkjerommet. Her inne er døypefonten den eldste gjenstanden, den stammar frå tida før stavkyrkja, og skal ha høyrd til den gamle stolpekyrkja som stod her da. Likeeins skal portalane med dragemønster vera like gamle, altså frå 1100-talet.
- Og så er det ei artig historie om maskene du ser øvst på stavane oppmed taket, syner Martin, dei trur ein kan vera bilete på norrøne gudar.
På eine langveggen i stavkyrkjedelen av kyrkja heng eit forseggjort minnetavle av presten Jürgens og frue.
- Det er sagt at han visstnok hadde bestilt dette til seg sjølv, fortel Martin.
Under golvet i kyrkja har det også vore oppdaga spennande ting. I 1980 og -81 vart det gjort arkeologiske utgravingar, og der fann dei mellom anna det fjerde største myntfunnet i landet. I tillegg var det graver under kyrkja, og ein fann restane av stolpekyrkja som sto her før.
Guidinga i stavkyrkja går føre seg kvar dag, frå fyrste helg i juni til siste helg i august. Guidane er tilsette ved Ringebu sokneråd. Til saman er dei seks, medrekna to på opplæring.