130 millionar kroner har vorte brukt på å istandsette stavkyrkjene og kyrkjekunsten gjennom Riksantikvarens stavkyrkjeprogram.
Det er gjort arbeid på alle dei 28 stavkyrkjene i landet. Torsdag var Ringebu kommune og Ringebu fellesråd vertskap for representantar frå Riksantikvaren og minister Sundtoft under markeringa av avslutninga av stavkyrkjeprogrammet.
─ Vi er ikkje så reint lite stolte over at Riksantikvaren har valt å legge denne avslutningsmarkeringa hit til oss, seier ordførar Erik Odlo.
Nå ringer kyrkjeklokkene igjen!
Ringebu stavkyrkje er om lag 800 år gamal, og i 1630 vart kyrkja kraftig ombygd.
─ Ein stor dag
Blant arbeidet som er gjort med restaurering nå er nytt spon på tak og tårn, restaturering av vindauge og kyrkjegardsmurane.
─ Dette er ein stor dag for oss, seier leiar i Ringebu fellesråd, Bjørg Dahlberg Karlstad.
Minister Tine Sundtoft minna om at sjølv om eit stort arbeid er lagt ned nå, må vedlikehaldet av stavkyrkjene vera eit kontinuerleg arbeid.
─ Behovet for vedlikehald tek aldri slutt. Men nå kan vi vise fram kyrkjene på ein måte vi kan vera stolte av, og vi kan seie at alle stavkyrkjene i Norge er i god stand. Dei er kulturvernets flaggskip, seier Sundtoft.
Neste generasjon
─ Vi er stolte av at stavkyrkjeprogrammet er fullført. Nå kan vi overlevere desse praktfulle byggverka til framtidige generasjonar i trygg forvissing om at dei er i best mogleg stand. Vi har hatt eit godt samarbeid med eigarane av stavkyrkjene, og handverkarane har helde eit svært høgt nivå, seier riksantikvar Jørn Holme.
Les meir i papirutgåva av Dølen torsdag 22. oktober.