Det har tidlegare vore gjort vedtak om at verandaen på Hundorp, som i si tid vart sett opp utan løyve, skulle rivast. Eigar Øyvind Frich arva konflikta om verandaen, men har nå til dels nådd fram, med klaga på rivingsvedtaet.

Arkitektbidrag

Frich har i klaga lagt vekt på at det må vera grunnlag for sunn økonomisk drift, og at verandaen og plattingar i så måte er naudsynt av praktiske årsaker, slik som i høve til skjenkeføresegner.

Fredag skriv Riksantikvaren at rivingsvedtaket ikkje skal effektuerast, så lenge klagesaka er til handsaming.

- Det er all grunn til å oppfatte dette som positivt, seier Øyvind Frich, som laurdag tok i mot riksantikvar Jørn Holme til kaffe på verandaen.

Får arkitektbistand

Riksantikvaren vil også bidra med finansiering av eit avgrensa arkitektoppdrag, der ein arkitekt med kunnskap og kompetanse vil kunne utgreie saka, heiter det i brevet frå Riksantikvaren.

Målet meiner Riksantikvaren vil vera å finne løysingar som ivaretek næring, samstundes som kulturminna og siktlinene til gravhaugane blir ivaretekne. Skisser og løysingsforslag frå arkitekten meiner Riksantikvaren vil legge til rette for nær dialog mellom Dale-Gudbrands gard og Oppland Fylkeskommune.

- På ein måte går vi attende til start. Det er jo ikkje alltid den fyrste avgjerda er best, meiner Frich, som legg til at Holme var veldig positiv til den planlagde tusenårsfeiringa i 2021.

Ordførar Ole Tvete Muriteigen møtte også Holme laurdag. Han er glad for at viktigheita av næringsverksemd blir tillagt vekt i så stor grad.

- Nå er det semje om dialog framover, og det er bra, seier han.

Riksantikvar Jørn Holme var laurdag innom Hundorp, og møtte både eigar Øyvind Frich og ordførar Ole Muriteigen. Foto: privat