Tone Sidsel Sanden vil ta til i stillinga 1. september 2017.

Sanden har arbeidd som journalist i Dølen sidan 2007. Før den tid har ho mellom anna brei erfaring som lærar og pedagogisk vegleiar i Nord Fron kommune.

Breitt nettverk

Gjennom sitt virke som journalist i Dølen har Sanden skaffa seg god innsikt i samfunns- og næringsliv i Midt-Gudbrandsdalen.

– Ved tilsetjinga av Tone Sidsel Sanden får Dølen ein erfaren redaksjonell medarbeidar og leiar med god kjennskap til Dølen sitt nedslagsfelt. Det gir eit godt grunnlag – saman med erfarne journalistar i avisa – for å utvikle Dølen sin posisjon vidare, både for papiravisa og for mediehuset sine digitale tilbod, seier styreleiar Jon Kristiansen i ein kommentar.

Den påtroppande redaktøren gler seg til å ta fatt på oppgåva, og har planen klar.

– Dølen skal fortsette å vere avisa for og med folket som bur her. Vi skal formidle påliteleg og viktig nyheitsjournalistikk, bygge og sikre demokratiet, skape engasjement og underhalde. Vi vil spele på lag med lesarane og vere ein ope og inviterande redaksjon. Hos oss skal ein finne dei nære, gode historiene, seier Sanden.

Viktigaste nyheitskjelde

Ho ser fram til å leie lokalavisa inn i ei spennande tid.

– Målet er å vere den viktigaste kjelda til lokale nyheiter, både digitalt og på papir. Å engasjere ungdom, som er framtidas avislesarar, meiner eg og er viktig. Eg ønskjer å fortsette på det gode arbeidet redaktør Bjørn Sletten har gjort, og saman med ein flott gjeng ser eg fram til å vidareutvikle Dølen, i eit lokalsamfunn eg er veldig glad i, seier Sanden.