Slavolden arbeider hos Bygger´n på Fåvang.

Kjeda, med tilsette, leverandørar og samarbeidspartnarar, var i helga samla til Bygger´n Kongress 2023 i Trondheim.

I den anledning vart mellom anna prisen som Årets servicehelt delt ut.

Det opplyser Bygger´n i ei pressemelding tysdag.

Vekependlar

Slavolden hos Fåvang-butikken fekk prisen blant anna for at han utfører arbeidsoppgåvene sine på ein mesterleg og offensiv måte, heiter det i grunngjevinga.

«Han har alltid kundene i pannebrasken – både små og stor kunder har for lengst funnet ut at han til det fulle representerer våre verdier – Ansvarlig – Kvalitet – Tilgjengelig - Engasjert,» skriv juryen om Slavolden.

Dei skriv også at Slavolden fleire gonger har mønstra på som vekependlar for å bidra hos andre medlemmar, som i Tromsø, på Hareid og i Åndalsnes.