Det vart dramatisk da Gunnar Veikleenget frå Vinstra skulle sleppe ut kua tysdag efta. Ei av kyrne braut ned stengselet og kasta seg ut i Laugen.

– Det var dramatisk, ja, innrømmer bonden.

– Ho vart ståande i iskaldt vatn i fleire timar. Ho skalv og var sjølvsagt svært kald, seier Veikleenget til Dølen dagen derpå.

For det gjekk bra til slutt, heldigvis. Men ikkje utan atskillige vanskar.

– Kua er vel snart bortimot eit tonn tung, så det finst ikkje råd for folk å få fløtt på noko slikt. Da er ein prisgitt at det finst folk med reiskap til å hjelpe seg, seier Veikleenget.

Hjelp frå Røde Kors

Og hjelpa kom. Både traktor med stropp og mannskap frå Røde Kors med våtdrakt og gummibåt trådde til for å hjelpe kua.

– Men kua var sta. Ho stod fast ganske lenge før ho vart dratt med strømmen litt nedover. Deretter kom gummibåten for å prøve å få ho opp att på grunna, seier nabo og augevitne Anne Lene Brendløkken.

Ein av Røde Kors-karane vart rennt i senk av kua og hamna under vatnet i det han prøvde å hjelpe.

– Ho er ikkje mannevond, men ho hadde panikk og prøvde å beskytte seg, seier Gunnar Veikleenget, som legg til at det var stri strøm på staden der kua stod.

Han er full av lovord overfor mannskapet som til slutt fekk berga kua på trygg og tørr grunn.

– Vi hadde ikkje hatt nubbesjans utan dei, seier den takknemlege gardbrukaren.

Det tok om lag fire timar frå kyrne vart slept ut til aksjonen vart avslutta.

Iskald dåp

Kua har berre eit nummer, ikkje noko namn, fortel Veikleenget.

– Og ikkje vart det namn etter den iskalde dåpen i går heller? ­

– Nei, men nå er det fritt for å kome å døype ho, ler Veikleenget.

– Og forma til kua dagen derpå?

– Forma er bra! I dag har ho vore berre snill og roleg. Dette gjekk dugeleg svært. Heldigvis, avsluttar Gunnar Veikleenget.

Kua var på djupt vatn, men det gjekk bra til slutt. Foto: Anne Lene Brendløkken