Ei framstilling av aleinekonsekvensar var tema på møte i styringsgruppa for kommunesamanslåinga, i  forkant av formannskapsmøte i Ringebu den 10. mars.

Ikkje status quo

Det har fått rykta til å svirre, etter at innbyggjarundersøkjinga som vart lagt fram 15. mars, også synte eit fleirtal imot å slå Ringebu saman med Sør-Fron og Nord-Fron. Prosessen mot ny kommune saman med Øyer, Gausdal og Lillehammer vart avslutta etter nettopp dårleg oppslutning frå innbyggjarane i ei tilsvarande undersøking.

– Den prosessen er historie nå, seier rådmann i Ringebu, Per Lervåg.

Han seier styringsgruppa i Ringebu bad om å få framskaffa fakta om konsekvensar ved å bli ståande aleine.

– Det var ut i frå eit  ønskje om å syne at å bli ståande aleine, ikkje er det same som at vi held fram som i dag, seier han.

Svar på Fylkesmannens utfordring

Fungerande ordførar i Ringebu, Kristin Teigen, avviser også at det er eit tema for Ringebu å trekkje seg frå reformprosessen.

– Eg skjønar jo spørsmålet, men eg tykkjer resultatet i innbyggjarundersøkinga er ganske jamt, nå skal vi ta med oss det innbyggjarane våre tykkjer er viktig i ein ny kommune, vidare.

Ho legg til at prosessen i samband med sørdalsalternativet hadde stor motstand også ei dei andre kommunane, med eit lite fleirtal berre i Lillehammer.

– Vi er tvert imot svært motiverte for å få fram eit godt grunnlag for det som kan bli ein ny kommune, seier Teigen.

Å få fram eit grunnlag for å vurdere korleis Ringebu kan stå aleine ser ho på mest som eit svar på det kommunane er utfordra frå Fylkesmannen på, i samband med reformarbeidet.

Prosjektgruppa i Ringebu møtes fyrste dag etter ferien for å ferdigstille dokumentet, som styringsgruppa så får framlagt to dagar etterpå. I vedtaket frå styringsgruppemøtet 10. mars heiter det:  «Prosjektgruppa i Ringebu bør lage et eget dokument som beskriver konsekvensene av å ikke fortsette som egen kommune. Dette må gjøres før styringsgruppemøtet 31. mars.»