Som leverandør av røyr opp til 3 meter i diameter og maskindelar, er det entreprenørar som driv med mykje arbeid under bakkenivå som er hovudmålgruppa for firmaet, med hovudkontor i Stjørdal.

Fleksibel

Dagleg leiar Per Annar Ydstines seier på telefon at dei opplevde stor velvilje frå kommunen i samband med etableringa, som skjedde rett etter påske. Firmaets avdelingsleiar, Haris Vikovic, bur også i Ringebu. Det gjer at dei kan vera ekstra fleksible på levering, samstundes som dei i følge Vikovic har delar i standardutvalet sitt, som entreprenørar vanlegvis må rekne lengre levering på.

– Det kan vera verdifulle timar spart på eit prosjekt, dersom ein kan få delane lokalt, og til og med etter stengetid, meiner Vikovic.

For lite

I følge Ydstines er det aktuelt å tilsetja meir folk i næraste framtid. Område omkring butikkusalet blir rydda for småskog, og eit ennå større lager av røyr med massive dimensjonar skal inn på lager.

– Det er mykje som skjer omkring her, med utbyggingar i Kvitfjell og Venabygdsfjellet mellom anna, seier Vikovic, som tykkjer dei har vorte bra motteke i marknaden.

Ydstines stadfester at det er ein marknad i vekst; standard på for eksempel stikkrenner og drensrøyr endrar seg i takt med vær av den meir våte sorten, slik at arbeidet med å byte ut og oppjustere dimensjonar er eit kontinuerleg arbeid for både private utbyggjarar og det offentlege.

Meir plass etter kvart

I lokala øvst ved innkøyringa til tidlegare Ringebu sag er det avgrensa med plass. Enn så lenge er verksemda her, men i følge Ydstines vil dei få bruk for større plass.

– Vi ser for oss at vi kjem til å få bruk for eigne og større lokale seinare, seier han.

Avdeling: Haris Vikovic frå Ringebu er avdelingsleiar for Midt-Norsk rør avd. Ringebu. Foto: Guro Vollen