Eit heilt nytt bygg i tre bueiningar, på åtte plassar kvar er innvigd, samstundes som den gamle sjukeheimsdelen er rehabilitert til åtte korttidsplassar. Til saman har Sørheim 47 institusjonsplassar, medrekna demensavdeinga, som var innvigd i 2001.
– Dette skal halde i 20-25 år framover, i alle fall, seier ein godt nøgd ordførar.
Store, ljose opphaldsrom og gangareal med sittegrupper pregar nybygget, og innbyr til sosiale møteplassar. Og dei nye romma er også såpass store og godt utstyrt, at det er fint å ta imot besøk, for ein liten kaffetår.
Stort lyft
– På Sørheim er det, og skal det vera, godt å vera menneskje, meinte ordførar Ole Tvete Muriteigen i velkomsten sin.
Kostnadsramma for prosjektet er på 94 millionar kroner, og av dette må Sør-Fron kommune ut med omkring 25 millionar kroner i låneopptak, etter at eit investeringstilskot frå Husbanken og momskompensasjon er trekt frå.
– Det er eit stort lyft for ei relativt lita kommune, seier Muriteigen.
Mange år med omfattande planprosessar er no til vegs ende, i eit bygg som tilfredsstiller alle krav. Store rom med bad, god plass til dei tilsette som skal hjelpe, og alle slags løfte- og tilretteleggingsfasiliteter.
Avdelingsleiar Ella Ødegård syner heisen som går frå seng og heilt inn på badet, der både servant og doskål kan høgdejusterast.
Spesialrom
Kjøkkenet er også renovert som ein del av prosjektet, og kjøkkenstasjonar er plassert i kvar avdeling.
– Dei som bur her skal framleis kjenne matlukt, det er noko vi meiner er viktig for trivnaden, seier Muriteigen.
Stillerom er på plass, og pårørande har fått ei avdeling med kjøkken og senger.
I tillegg er det stelt til to smitterom, men særskilt utstyr og innretningar, slik at pasientar kan bli isolerte på ein trygg måte.
– Vi må rekne med fleire tilfelle med smittsame sjukdommar, og her har vi nå to rom som tilfredsstiller krava, seier Ødegård.
Helsestasjon i same bygg
Denne veka flytta også fleire inn i bygget. Sør-Fron har samla fleire fagtenester, og med helsestasjonen i same bygg og med same inngang, er tilbodet tilrettelagt også som ein møteplass mellom generasjonar.
– Det er eit bygg som skal gje ei samla fagteneste frå 0 til 110 år, så vi har alle livsfaser innan området familie og meistring, seier ordførar Muriteigen.