Dette er vårteiknet framfor noko på Frya. Kvar vår er jordene og øyene i Fryadeltaet samlingplass for heimvendte spaniafararar, som skal føre slekta vidare i myrlandt terreng i fjellområda rundt oss.
Samlingsplassen kan by på viktig matauk før hekkesesongen startar.
Ein som følgjer dramaet på Fryasletta tett, er Jens Petter Ous. Soknepresten i Nord-Fron skal halde gudsteneste i Kvikne kyrkje klokka elleve, men det er mange timar unna, når vi parkerer ved Frya denne sundagsmorgonen.
Lærte mykje i Pasvik
Mang ei morgonstund er han på farten, frå Lom og Murudalen til osen på Vågåvatnet og Fokstua på Dovre. Men understrekar at han er amatør i faget.
– Hobbyornitolog! Eg starta i det små da eg var liten, med ferdigheitsmerke i speideren og ein kikkert eg fekk av far, fortel han.
Barndommens fuglar var observert i området omkring heimen i Stokke, Vestfold, der han kjem frå. Interessa skaut skikkeleg fart i militæret. Som vernepliktig var han utplassert i Pasvik, tilfeldigvis saman med tre karar med ennå større innsikt i ornitologien.
– Pasvik er ein av dei finaste plassane i landet for fugleobservasjonar. Og desse tre karane frå Oslo kunne veldig mykje, fortel han.
Studier og yrkesliv la inntil vidare kikkerten på hylla. Men så vart sonen interessert, og rekruttert inn i ornitologien av nå avdøde Hans Skuterud.
– Eg bad om å få vera med ein gong, og dermed var det gjort.
Kraftig kikkert
Det vart mange fleire turar med Hans, og Jens Petter hugsar den siste dei to hadde saman. Lappfiskanda er sjeldan å sjå på desse kanter, men synte seg den gongen.
– Så vart det slik, at Hans gjekk bort, ikkje lenge etter den turen, seier han.
Med zoom på kameraet og ein kraftig kikkert på stativ, er vi rusta for å observere både Grus grus, Anser brachyrhynchus, Cygnus cygnus og Anas platyrhynchos. Eller trane, kortnebbgås, sangsvane og stokkand. Alle er på plass og i aktivitet klokka halv sju.
Jens Petter får trana i kikkerten.
– Sjå her! Nå strekkjer den halsen, ser du, syner han.
Den store fuglen skrik, kraftige krååå, kråå. Lyden er karakteristisk.
– Forskarar har funne ut at lyden blir forsterka fordi luftrøyret til trana går i ein liten sving, inni eit holrom i bringebeinet, fortel han.
Trompetlyden har ein funksjon i paringsleiken, men for dei fleste tranene på Frya er det ikkje ein leik for å finne partner; tranene dannar monogame par som hekkar saman heile livet.
Å sjå tranene år for år er eit fint rituale.
– Og så er spenninga alltid der, kanskje kjem ein sjeldan gjest?
Spenninga gjer at ein alltid har lyst til å dra ut ein tidleg morgon. Kanskje er det denne gongen han får sjå sivhøne, eller tundragås.
150 stokkender
Ein liten fugl blir notert for fyrste gong i år. Sivspurven sit i ein hegg rett ved toglina, og er ikkje lett å sjå. Som fuglekikkar må ein ha merksemd til å sjå fuglane.
Storspova var ved Hundorp bru i går, ein annan stad Jens Petter likar å kikke på fuglane.
– Og i går var det sikkert 150 stokkender her, nå er det ingen, seier han.
I tillegg til tranene, synes sangsvanene godt på Frya desse vårdagane. Dei skal lenger nord, mellomlandinga er ein matstasjon på vegen til Troms og Finnmark, der dei helst hekkar.
Ei lita andakt på morgonen er over for oss. Ja, andakt. Rett omsett frå tysk tyder det nettopp merksemd.