Ho håpar at Folkekjøkkenet, som er arbeidstittelen, kan opne til neste sommar.

– Kanskje allereie til 1. eller 17. mai neste år, håpar ho.

Folkeleg og ekte

Dei to borda inne i butikken oppsto som eit kompromiss, for å kunne servere litt til kundar i butikken. Det har vore eit visst påtrykk frå fleire i Ringebu, om moglegheiter til å få seg ein matbit i sentrum, skjønar vi.

– Nå når eg satsar, må dei som har pusha på, stille opp som innpiskarar til restauranten, ler ho, og vedgår at de to borda ikkje riktig gjer nytta.

Når Anni satsar, skal det vera fullt og heilt. Folkekjøkkenet skal ha same filosofi som resten av verksemda – mat frå botnen, heimelaga og solid. Triveleg, og ein god møteplass.

Les meir om nysatsinga i Dølen.