Det stadfester dagleg leiar May Britt Rundtom, og ansvarleg for post i butikk, Therese Normann Orkelbog. Orkelbog seier dei tilsette fekk beskjed om dette i juni, men at ho ikkje veit meir enn det. Dølen har ikkje lykkast å få kontakt med nokon sentralt i organisasjonen.
Lokal konkurranse
Post i butikk, som har vore ein del av tilbodet hjå Matkroken, er ute på anbod, og i følge distrktsleiar for post i butikk, Per Sveen, blir plasseringa avgjort denne veka. Posten blir framleis å finne på Vinstra, men i ei anna forretning.
- Det treng ikkje å vera dagegvarebutikk, vi har faktisk avtaler med alt frå bensinsatjonar til Plantasjen, seier han, på spørsmål om posten blir å finne i ei av dei andre daglegvareforretningane på Vinstra.
Ikkje andre planer
Sveen vonar det blir ei avklaring for plasseringa av post i butikk i løpet av veka. Krava til leverandøren/butikken gjeld mellom anna opningstider og tilgjengelegheit.
Huseigar ved Matkroken, Gaus Eiendom AS, kjøpte lokalet ved påsketider i år. I følge dagleg leiar Åge Melbø, har ikkje dei det travelt med å få inn andre aktørar. ICA har husleige i 1. etasjen ut 2017.
Bygget har i si tid vore motell, og har framleis 16 motellrom i kjellaren, fortel han.