Det var lomverane som var på besøk i idrettsparken i Kvam fredag.

Heimelaget kom godt i gang og med stor aggresivitet fekk dei tidleg etablert et høgt press. Fleire småsjanser allereie i dei fyrste speleminutta, og etter 12 minutt spelt, vart spiss Øystein Haugen felt og fekk straffe. Idar Holten sette denne sikkert i mål. Kvam, med til saman seks spelarar under 16 år i troppen, heldt fram med solid spel, sjølv om også Lom kom betre inn i kampen etter kvart. Likevel var det vertane som hadde eit overtak.

Andre målet kom i det 20. minutt. Kvam fekk corner som bortelaget klarerte, ballen datt rett ned på foten til midtstopper Lars Petter Holen som fekk klemt av eit godt langskudd rett i mål.

Sugne på seier

Kampen var etter dette jamn, men det var tydeleg at heimelaget var sugne på ein seier, etter å ha hatt ein bra stigning i prestasjonane i vårsesongen. Det var difor ein nedtur da Lom fekk inn ei redusering i siste speleminutt, etter ei keepertabbe av Hasse Ruud. Når det er sagt, Ruud sto elles ein svært solid kamp.

I andre omgang gjekk Lom hardt ut, og pressa på for redusering. Kvam klarte å halde unna til ca 20 minutt, da gjestane sette inn mål nummer to. I fleire kampar denne sesongen har rakna for kvamværane mot slutten, og dei rundt 50 tilskodarane frykta nok det verste etter målet mot. Kvam fortsette likevel å jobbe iherdig, og jubelen var stor da Vidar Holen kunne fastsette resultatet til 3-2, etter ein susar av eit frispark nede til høgre for keeper.

Jubla for tre poeng

Dei siste 10 minutta av kampen vart nervepirrande, men overbevisande kjemping gjorde at Kvam kunne juble for årets fyrste tre poeng.

– Dette var ein etterlengta seier, og den var også fortent etter det som skjedde på banen i dag, seier trenar Bjørn Einar Sanden.

– Alle mann la ned ein enorm innsats, både offensivt og deffensivt, men spesielt Amund Jensvoll svært godt i forsvar. Eg er imponert over unggutta, som lyftar seg kamp etter kamp, og vi skal fortsette å jobbe med å utvikle desse vidare utover i sesongen, legg han til.