Så langt er det Rogaland, Nordland og Vest-Agder fylke som ligg i tet, etter at tevlinga opna for nominasjonar fredag.
Til inspirasjon
For at Oppland fylke og eventuelle kandidatar frå Midtdalen skal bli med i konkurransa, må nokon nominera dei. Ein kandidat må vera under 35 år, drive med matproduksjon og i tillegg må ho eller han vera eit forbilde, som inspirerer andre til å velja ei karriere innan landbruk.
I fjor vart 345 nominasjonar registrert. Nominasjonane går fram til oktober, og etter dette blir 20 unge bønder med vidare til semifinale. 20 beste nominasjonene går videre til en semifinale der hele Norge er med og stemmer fram finalistene.
-2015 kan absolutt bli nok et rekordår, men det krev at folk rundt i landet er flinke til å nominera kandidatar. Vi veit at det ikkje står på talet dyktige unge bønder, seier Ragnhild Duserud, bygdepolitisk nestleiar i Norges Bygdeungdomslag.
I juryen i år sit Andras Viestad, matskribent og TV-kokk, Hanne Maren Blåfjelldal, statssekretær i Landbruks- og Matdepartementet frå FrP, Knut Storberget, stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet, Tina Bru, stortingsrepresentant for Høgre, Steinar Nebb, rektor ved Høgskolen i Nord-Trøndelag, Einar Enger, styreleiar i Felleskjøpet Agri, Lauren Cody Källén, administrerande direktør i McDonald’s i Norge, og Gunn Jorunn Sørum, leiar i Norges Bygdeungdomslag.
Stemmene til folket og fagjuryen utgjer 50 prosent kvar, men juryen har avgjerande stemme. Stemmerunda starter 15. oktober og blir avslutta 8. november.