Gjennom ei rekkje spørsmål stilt til listetoppane i dei tre midtdalskommunane, set næringsforeininga og dagleg leiar Frank Asle Mathisen fokus på viktige saker for lokale bedrifter og næringsdrivande.

– Dette er spørsmål som vi i næringsforeininga har jobba med over tid. Nå vil vi bruke den anledninga som byr seg i samband med valet for å få sett fokus på viktige næringspolitiske spørsmål, seier Mathisen.

– Kan midtdalspolitikarane nok om næringslivet?

– Det er litt ulikt frå kommune til kommune. Nokre er meir på hogget enn andre, men alle ser etter kvart kor avhengige vi er av å ha eit velfungerande næringsliv, seier Mathisen til Dølen.

Eigedomsskatten

Nokre saker er gjengarar blant dei næringsdrivande. Andre att blir sett på som svært viktige å gjera noko med.

– Vi har til dømes sett på eigedomstakst i forhold til avkastning. Dette fell urimeleg ut for ein del bedrifter, mellom andre hotell med fløyer som står tome delar av året. Dette har eg forhørt meg om, og her har politikarane moglegheit til å gjere noko. Det går på viljen, seier Frank Asle Mathisen.

Så spørs det kva politikarane er interesserte i å prioritere.

– Når ein kommune slit er det anten å kutte tenestenivået eller auke eigedomsskatten som gjeld. Eg meiner det blir for lettvint å auke eigedomsskatten. Fo eg kan aldri seie ofte nok kor viktig det er med eit levande næringsliv.

Felles tankegang

Vidare er Mathisen opptatt av samarbeid mellom dei næringsdrivande.

– Generelt, over heile fjøla, har eg lyst til å få fram meir av ein fellestankegang, og ikkje så mykje «mitt og ditt». Det meiner eg vi alle kan vinne på, også dei som gjer det bra i dag.

Og meir engasjement er aldri gale.

– Sjølv om eg har meir enn nok å gjere i da, skulle eg ønske at enda fleire banka på døra mi med gode idear. Ein kan aldri bli flink nok, avsluttar Mathisen.

Her kan du lese svara frå politikarane etterkvart som dei blir lagt ut: