Festivalen Rondaståk nådde topp stemning, då hovudattraksjonen Staut frå Valdres gjekk på scena laurdag kveld.

Sol, sommartemperatur og feststemte folk var hovudingrediensar på Kvamsfjellet - for høvet kåra til "penare enn heime" av valdresbandet.

Nådde truleg to tusen

- Ligge mjukt i ei eng, som gjer nytta si som seng, song publikum med, medan stemninga steig enda eit hakk.

Festivalen tok til fredag, og til saman rekna arrangørane med at omlag 2000 ville koma innom dørene i løpet av helga. Det var i allefall ikkje været som hindra folk i å stille opp på festival i helga, når sommarværet endeleg fann vegen.

- Fordelt på to dagar er vi nok innpå så mange personar innom dørene her, seier festivalsjef Ole Jacob Grauphaugen, som så vidt har tid til å setja seg nedpå før Valentourettes skal på scena.

Tala er ikkje klare enno, heller ikkje avgjerda på om det blir ny festival neste år.

- Men skal ein dømme etter smila på folk sine fjes i dag, blir det vel eit folkekrav, seier han.