Midt i gågata gjekk framtidas headlinere til Landsbyrock på scena, medan folk kosa seg i finvær og god stemning.

Kulturskuleband frå Midtdalen sette stemninga, og den er ikkje forventa å bli mindre utover kvelden, når stuttreiste og semilokale band entrar scena frå 18.00.

Unge til  varme opp

15 frivillige er i sving frå arrangørklubben Laugen Rock- og bluesklubb, og festivalgeneral Roy Bjarne Moen er på plass framom scena når dei aller yngste fekk sleppe til på scena midt på dagen laurdag. - Er dette rekruttering til seinare festivalar?- Forhåpentlegvis vil ungdomsbanda koma vidare med at vi gjev dei ei scene, om nokre år kan dei stå der som deltakarar, seier Moen, som sjølv er musikkskulelærar.

Fyrst ut var Raptor, eit svært ungt band, med The Kids-låta Forelska i lærer'n. Morgan Hovde Åmodt på trommer, Andreas Segelstad på bass og Brage Stuen på gitar, er alle ni år. Mamma Guri Hovde Åmodt er med som ekstrabassist, og musikkskulelærar Brede Vestby er med på vokal. Sist bandet var på scena med publikum, var det for 6000 publikum på Kvitfjell!

Fleire framtidige rockere

Mr. Eddie; med Ole Øyvind Myhrsveen, Edvard Gunstad, Trym Amrud og Marita Brandstadmoen, varta opp med mellom anna Candy av Paolo Nutini - sjå smakebit på video.

Marita Brandstadmoen var også på scena og song med Papa Mule, eit av dei lokale banda som vil rocke landsbyen seinare laurdag kveld. Her spelar Frode Brandstadmoen (bass, vokal), Kenneth Aspeslåen (gitar, vokal), Roy Bjarne Moen (gitar, vokal) og Christian Asphoug (trommer).

The Blue Flames, med Edvart Myrløkken, Max de Graaf, Inge van Aert og Lars Lindvig fekk fart på sakene etter ei lita pause med Ho Hey, When I Come Around, SevenNation Army og Pumped Up Kids.

Det blir slett ikkje ei overrasking dersom desse unge folka gjestar scena under hovudprogrammet seinare år!

Her er banda som står på scenen laurdag: Get Rhytm, Villgress, Papa Mule, Blue Lynx og Frank Asle med band.