Måndag delte fylkesordførar Even Aleksander Hagen ut kvart sitt arbeidsstipend på 200 000 kroner til biletkunstnar Anna Sigmond Gudmundsdottir, musikar Britt Pernille Frøholm og filmregissør Christian Lo.

Til fordjuping

"Oppland fylkeskommunes stipend for etablerte kunstnere har som formål å gi skapende og utøvende kunstnere mulighet til i stipendperioden å arbeide med større kunstprosjekter, utvikle sine kunstneriske uttrykk eller eksperimentere med nye uttrykk." Det heiter det om formålet til stipendet.

Utdelinga fann stad på fylkeskulturkonferansa på Lillehammer måndag.

– Det var veldig overraskande, vi har jo nettopp fløtt hit. Det er veldig hyggeleg å bli verdsett på den måten så fort, seier Frøholm, som fløtte til Sør-Fron frå Oslo med sambuar Eivind Kjorstad i juni.

– Det gjev jo arbeidslyst i massevis å få eit slik stipend også, og det er ei stor ære, seier Gudmundsdottir, som også bur i Sør-Fron.

– Eg er stolt og glad over tildelinga, det er eit fint push vidare. Eg tykkjer på en måte det er ei anerkjenning av det eg har gjort, og dermed også av barnekultur, som eg tykkjer er viktig, seier Christian Lo, opphaveleg frå Vinstra.

Dølen har snakka meir med dei tre kunstnarane, og du kan lese om kva dei skal bruke stipenda til, og kva prosjekt dei jobbar med, i Dølen på torsdag.