Turid Haugen frå Fåvang bur i Longyearbyen på tredje året, og nå har tida kome for å gjera seg skikkeleg grundig kjent med Svalbard.

Den finaste tida

På bloggen til ekspedisjonen «Svalis på langs»  skriv Turid om seg sjølv: Eg er oppvaksen på gard og er vant med bratte motbakkar, lange arbeidsdagar og skiføre halve året, skriv ho.

Torsdag denne veka legg ho ut på ekspedisjon saman med tre venninner, for å gå frå Verlegenhuken på nordspissen av Svalbard, til Sør-Spitsbergen nasjonalpark i sør. Turen, som er 660 kilometer lang, skal gå unna på fem veker.

–  Med bikkjer, ski, pulk, rifler og alt som høyrer ekspedisjonar til, seier ho i ein epost til Dølen.

Sjølv om det ennå er tre veker før midnattssola skin døgnet rundt, blir det heller ikkje nå heilt mørkt om natta.

– Det er veldig fint her nå. Tida frå seinvintaren til tidleg vår er den finaste. Dei verste vinterstormane har gitt seg, og dagane blir lengre og lengre, fortel Haugen.

Spente på vær og isbjørn

Det er mange ting som kan vere utfordrande på turen, fortel ho.

– Fyrst og fremst er vi spente på korleis været blir, om det er mykje bresprekkar og om vi kjem til å møte på isbjørn. Vi er også spente på korleis vi taklar stort og smått av utfordringar som oppstår under turen, og håpar og trur at vi har nok turerfaring og er godt nok førebudd til å takle det meste, seier ho.

Sjølv om ekspedisjonen er den lengste turen så langt for fåvangingen, har ho turerfaring så det held, og likar å vera på tur om vinteren.

– Den lengste turen eg har gått var eit par veker i nord-Sverige. Elles har eg vore på ein del vekeslange turar, fortel ho.

Turid Haugen bur på Svalbard fordi ho skriv masteroppgåve om delar av den geologiske lagrekka på Svalbard.

Planlegginga av ekspedisjonen har gått føre seg ei stund, og med på ekspedisjonen er også ein annan Gudbrandsdøl, skjåkveren Marte Agneberg Dahl, som også bur på Svalbard for tida.

Ruta til ekspedisjonen tek til lengst nord på Spitsbergen, og er 660kilometer lang.