Dermed blir det sjølvsagt å markere friluftslivets år under Peer Gynt-stemnet. Det skjer før teaterframsyninga på Gålå torsdag, under tittelen – For en underlig sky!
Fornying må til
Skodespelar Per Tofte er den som slår an tonen med ein monolog – samanfletta av to passasjar frå Peer Gynt, og frambore på fronsdialekt. Den eine er dialogen der dagdrøymaren Peer ligg på ryggen og ser skyane danne eit følgje der han sjølv er keisar, medan den andre er frå scena før han møter den grønkledte, og ser fuglane som dreg mot sør – og vekkjer utferdstrongen hans.
Per Tofte, opphaveleg frå Sør-Fron, kom i fjor attende til teateret ved Gålåvatnet, som Presten i Per Gynt. Ved oppstarten i 1989 var han fyrste gestaltaren av Peer på friluftsscena - heilt fram til 1994.
Vi lurar på kva den største endringa er, sidan han var med som Peer.
– Det er jo 26 år sidan, seier han, og understrekar at det må skje mykje på den tida.
Han er både glad for å vera attende, og er glad for at teateret fornyar seg.
– Det må fornye seg, om det ikkje skal gå i frø. Det er påkravd med all kunst, det er fornyinga som driv kunsten framover, seier han.
Fleire rare skyer
Tofte tykkjer fagfolka som er med nå, både regi, scenografi, kostymer og medspelarane, har gjort ein fabelaktig jobb. Men regnet tykkjer han har vore kaldare i år, enn det var då han var Peer.
– Sjølv om det regna da også, så har det vore så kaldt i år. Men dei som er på scenen er så inne i det dei driv med, har så mykje adrenalin og er så fokusert, at det er nesten meir synd i publikum, seier han.
Og som i monologen frå Peer Gynt; underlege og mange skyer har det vore mange av i år. Per Tofte studerer derfor både himmelen og værdraget – det er alltid von for at den neste byga er ei opphaldsbyge…
Samtale om naturen
I tillegg til Per Tofte sin monolog, blir det samtalar mellom konferansier Stein P. Aasheim, eventyrarar Cato Zahl Pedersen og Inge Solheim, naturjournalist Kari Bay Haugen og tidlegare landslagstrenar Marit Breivik, om kva naturen har å seie for oss i dag. Alle deler historier frå naturen som har betydd noko spesielt for dei.
Artisten Moddi kjem også, saman med cellisten Cathrine Schjøtt. Og kvedaren Camilla Granlien framfører tonesette dikt av Tor Jonsson, akkompagnert av Jo Skaansar.