– Du har aldri vore aleine om namnet ditt?

– Nei, vi var mange jamnaldringar som heitte Anne, men mange har meir enn eitt førenamn.

– Veit du noko om korleis du fekk namnet ditt?

– Ikkje mykje, men det var veldig populært den tida. Og så veit eg det var snakk om at det sto mellom Anne og Kari, der Kari var ei oppattkalling etter oldemor mi.

– Uttala på namnet er litt ulikt enkelte stader?

– Ja, på Lesja, der eg kjem frå, sa ein i allefall før «Ainne». «Einne» blir brukt lenger ned i dalen. Det hender nokon seier Ainne for å terge ...Og så var eg kalla Annemor da eg var lita. Det brukar eldstesyster mi ennå.

– Eit så vanleg namn er kanskje greit på reise?

– Ja, det er aldri feilskriving eller komplikasjonar med det. Eg har alltid vorenøgd med namnet mitt.

– Kva gjer Anne i sommar?

– Nå har eg ferien til gode, den startar til helga. Eg har allereie fløtt innpå setra på Gålå i varmen, og der blir vi fyrste to vekene av ferien, og så ut og reise etter det ei vekes tid. Sundag opnar vi utstilling og har seterdag saman med fleire, så nå gler eg meg til det.