Tala, som vart presentert av Mediebedriftenes landsforbund og Landslaget for lokalaviser, viser ein god vekst for fleire aviser i Innlandet. Dølen er den avisa som i prosent veks aller mest.

Ved utgongen av 2020 hadde Dølen eit opplag på 4211. På same tid i 2021 var opplaget stege til 4453. Det gir ein vekst på 5,75 prosent, mest i heile fylket.

Nest mest i prosent aukar Vigga med 4,62 prosent. Hamar Arbeiderblad aukar med 3,88 prosent, medan Avisa Valdres aukar med 3,05 prosent. Ser ein berre på tala, er det Hamar Arbeidarblad som aukar mest, med 735. Dølen aukar tredje mest, med 242.

– Nok ein gong så aukar vi opplaget. Vi er strålande fornøgde med det, og er glade for at vi får til å lage ei avis som folk meiner har godt innhald, seier redaktør og dagleg leiar, Tone Sidsel Sanden.

Sjå tabell over avisene i Innlandet lenger ned i saka.

Går nye vegar

Ho vektlegg at gode resultat ikkje kjem av seg sjølv.

– Nei, det gjer det ikkje. Det ligg mykje jobb bak. Dei tilsette er svært dedikerte og engasjerte, og glødande opptekne av jobben sin. Alle står på og er heile tida på leit etter gode saker, som betyr noko for folk, seier Sanden.

Dølen har satsa mykje på levande bilde dei to siste åra, likt med å vektlegge enda meir undersøkande og kritisk journalistikk. Mellom anna jobbar to journalistar i ei eigen «gravegruppe» for tida, finasnisert av midlar frå Medietilsynet.

Dølen vekst mykje digitalt og nærmar seg like mange reine digitale abonnentar som dei som har både papiravis og digitalt abonnement.

– Vi ser at vi klarer å rekruttere nye lesarar digitalt. Det er eg glad for. Vi er veldig glade i å skrive om ungdom, og vere der ungdommen er. Det håpar eg fører til at dei blir knytt til lokalavisa, og at dei blir framtidige abonnentar, seier Sanden.

Tala viser at Dølen har auka 20,6 prosent sidan 2018. I 2009 nådde avisa rekord i opplag, med 4325. Med andre ord har Dølen aldri vore større enn nå.

– Det er vi stolte av!, slår redaktøren fast.

Framoverlent avis

Journalist og redaksjonssekretær Tor Larsen, har vore tilsett i Dølen sidan 2001. Han har opplevd ei mediebransje i stor endring i løpet av desse åra.

– Dølen er en framoverlent avis mot den digitale framtida. Det inneber både nett og tv-satsing. Samstundes er papiravisa ikkje sett tilsides, men gitt godt med rom i arbeidskvardagen, seier Larsen.

Han meiner kombinasjonen av å måtte arbeide dagleg med publisering i fleire digital kanaler, beriker ein arbeidsdag.

– Det er til tider krevjande, men veldig lærerikt. Og det fine med ei lokalavis, er at om du gjer ein feil eller slurvar, så får du høyre det rimeleg raskt - vegen er kort til lesaren, og det er vår styrke, seier Larsen.

Generalsekretær i Landslaget for lokalaviser, Tomas Bruvik, gler seg over dei nye opplagstala:

– Til liks med veldig mange andre, har lokalavisene lagt bak seg tøffe tak gjennom pandemien. Vi er stolte over alt lokalavisene likevel har klart å få til av livsviktig journalistikk for innbyggerne. Når vi nå opplever andre uroligheiter i Europa, er også det ei påminning om kor viktig det er med ei fri og uavhengig presse. Lokalavisene betyr mykje for eit levande lokaldemokrati, seier Bruvik.

I fjor vart Dølen kåra til å årets lokalavis av Landslaget for lokalavis.

Sandnesposten var den lokalavisa som auka mest, med 988. Dei har opplag på 9035.

VG+ og Dagbladet+ er opplagsvinnarar av alle norske aviser.

AvisAndre halvår 2021Andre halvår 2020Mot andre halvår 2020
InnlandetGudbrandsdølen Dagningen22 56822 648-80
InnlandetOppland Arbeiderblad20 72821 331-603
InnlandetHamar Arbeiderblad19 65518 920735
InnlandetØstlendingen16 03316 831-798
InnlandetGlåmdalen14 73115 387-656
InnlandetValdres9 3969 118278
InnlandetRingsaker Blad8 3188 333-15
InnlandetHadeland7 2637 555-292
InnlandetDølen4 4534 211242
InnlandetFjuken3 8103 855-45
InnlandetStangeavisa2 8622 78577
InnlandetNorddalen2 5482 609-61
InnlandetVigga2 4022 296106
InnlandetLokalavisa Trysil Engerdal (Sør-Østerdal)2 2182 19028
InnlandetAlvdal midt i væla/Tynsetingen2 1682 07395
InnlandetSolungavisa1 9502 130-180