Frank Asle Mathisen starta som ny dagleg leiar i Midt-Gudbrandsdal Næringsforening 1. juni. Han har tatt over etter Per Morset som no blir pensjonist.

Landbruksnæringa var raske til å invitere den nye leiaren for å halde fram dialogen og samarbeidet med næringsforeninga.  Eit gardsbesøk hos Anne Kari Veikleenget og Ragnar Thor Mariasson i Ruste vart arena for eit første møte og samtale om felles interesser for landbruket og næringslivet elles i regionen.

- Gardsbesøket starta med omvising i fjøset som no var tomt for sommaren. Anne Kari fortalde om lemminga når ho bur meir eller mindre i fjøset i tre veker, om utfordringar med å skaffe nok og godt vårbeite når våren er kald og graset veks sakte, og om å vere sauebonde som er det likaste yrket ho kan tenkje seg, fortel overingeniør i landbruksavdelinga i Oppland fylke, Anne Berit Grasbakken.

Meir lokalprodusert mat

Etter omvising i fjøset gjekk turen inn i våningshuset der det vart kaffi og ein hyggeleg prat rundt kjøkenbordet.

- Det synte seg ganske snart at den nye leiaren i Næringsforeninga og representantane for landbruksnæring hadde mykje å snakke om.  Matproduksjon og kulturlandskap var tema som begge partar var opptatt av, og etter det trivelege gardsbesøket skulle det ligge godt til rette for vidare samarbeid framover, sier Grasbakken, og legg til: - Kanskje blir det meir lokalprodusert mat og norske matrettar å finne både på serveringsstadene og i butikkane framover?