Resultata av innbyggarundersøkinga som er gjennomført i dei tre midtdalskommunane i samband med kommunereforma, vart lagt fram tysdag.

1400 midtdølar er spurt om dei ønskjer samanslåing av dei tre kommunane Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu.

71 prosent for

Sørfrøningane er klart mest positive til ei samanslåing. Her svarar så mange som 71 prosent at dei er for ein midtdalskommune, mens hos naboane i nord er 58 prosent av dei spurte for ein kommune beståande av Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu.

I Ringebu er skepsisen langt større.

Ikkje overraskande

Her seier 52 prosent at dei ønskjer at Ringebu skal forbli eigen kommune. 41 prosent av dei spurte er for kommunesamanslåing i Midtdalen, mens 48 prosent er i mot.

– At det er meir skepsis i Ringebu var ikkje så overraskande, seier varaordførar i Ringebu, Kristin Teigen til Dølen.

Ho peikar på at det er positivt at så mange som 41 prosent er for ei samanslåing i Midtdalen.

– Vi må hugse at vi hadde ein prosess sørover der vi hade ei undersøking der langt fleir var skeptiske, seier ho.

Dølen kjem attende med meir i papirutgåva torsdag.