Kolonna starta i to-tida fredag, frå oppstillingsplass ved Sødorp gjestgiveri. På vegen skulle kolonna - den einaste av sitt slag til å ankoma dølabyen - få eit filmcrew inn i bilen.

- Det er landstreffet og arrangørane bak som ønskte å filme på veg nedover og gjennom byen, seier russepresident Kristin Amrud til Dølen fredag.

Det blir nemleg produsert ein "etterfilm" frå treffet, til mimrebruk for deltakarane.

Ingen snøbygar i sikte

Været kunne ingen klage over, og kontrasten til Tryvann-treffet førre helg kunne nesten ikkje vore større.

- Der sto vi faktisk i snø, så dette blir bra, seier forventningsfulle russ i solsteiken fredag. Ein sverm med skuleungar på jakt etter "russ" frå "russere".

Presidenten var stressa, for logistikken var litt utfordrande.

- Vi må ha bilane i rett rekkefølge, fordi vi blir ståande i den rekkefølga vi kjem inn på treffet over heile helga. Derfor må vi stille opp riktig nå, seier Amrud.

Etter tradisjonen er det presidentens bil som skal kjøre fremst i kolonna, slik også i år. Vintrarussens bilar følgde deretter, og så bilane frå lengre oppover dalen etter hand.