Seremonien ved tildeling av norsk statsborgarskap er ganske ny, tidlegare vart ikkje dette markert anna enn ved eit brev i posten. Mange har sakna det, og til Gjøvik fjellhall var dei 200 som har fått statsborgarskap i vårt fylke det siste året, invitert.

To av midtdalskommunane var representert, og Arne Fossmo frå Ringebu og Rune Støstad frå Nord-Fron var til stades for å gjera stas på innbyggjarane som nå ikkje berre er midtdøler, men også norske statsborgarar.

- Dette er ein stor dag for dei som har fått sitt norske statsborgerskap. Det var stor deltaking til årets seremoni, med meir enn 210 påmeldte nye statsborgarar, og opp mot 750 personer i Fjellhallen på Gjøvik, fortel ordførar i Ringebu, Arne Fossmo.

- Det var ein stor dag for oss alle, seier han.

Alle ordførarar vart med opp på scenen saman med fylkesmannen når kommunens nye statsborgarar vart ropt opp, med oppdrag var å dele ut blomster.

- Dette var ein stor festdag for dei nye statsborgarane og for alle kommunene i Oppland, seier Rune Støstad, ordførar i Nord-Fron.

Han seier i ein epost til Dølen at det var fint å feire saman med dei nye nordmennene og det var ekstra stas å oppleva kor stolte dei var over å få det norske statsborgerskapet.

- Det er ein veldig fin tradisjon å feire dette og å få fram kor mykje vi verdset nye statsborgarar. Dei treng oss, og vi treng dei, seier Støstad.

Rune Støstad med ein del av sitt lag i Fjellhallen laurdag. Nahom Woldegergish Andemariam, Woldegergish Andemariam Mengesha, Binyam Tekista Hayle, Michal Tekle Gebreyohannes, Monalisa Tekle Gebreyohannes, Siem Tekle Gebreyohannes, Yosief Tekle Gebreyohannes, Mebrahtu Gezahay Hailu og Saymon Mebrhatom Hailu fekk statsborgarskap i Nord-Fron i fjor. Foto: Fylkesmannen i Oppland
Aileen Tanjay Dalen, Aresu Esmaeil Pour Zanjani, Arman Mehran Esmaeil Pour Zanjani og Vitaly Harundovitsj - og ordførar Arne Fossmo. Foto: Fylkesmannen i Oppland