Sola steiker over Prestegarden i Ringebu. Her trur ein prestar har vore busett sidan kyrkjestaden oppsto, og da snakkar vi om så tidleg som på 1100-talet. Den fyrste stolpekyrkja det er spor etter, stammar frå 1100-talet.
Stadig noko nytt
Slike lange tidsspenn og stader med historie fascinerer den tidlegare hotelldirektøren frå Venabygsfjellet.
- Du veit, det er slik at folk som er på ferie og ute på reise, ønskjer å veta noko om kvar dei er. Eg ønskte å binde saman dette med historie og kultur, og slik får folk eit forhald til staden, dei ønskjer gjerne å koma att også, fortel han.
Som "deltidspensjonist" frå Venabu har han brukt mykje tid på å setja seg inn i historia til kyrkjestaden, og han har vore viktig bidragsytar til oppgraderinga av stavkyrkjeutstillinga på Prestegarden.
- Det er jo stadig noko nytt å oppdage i kyrkjehistoria. Det seier mykje om korleis folk har hatt det opp i gjenom tidene, og slik er det stadig aktuelt, seier han.
"Sjølsagt ska ælle vera med", meiner barnehagane i Ringebu, og lagar utstilling om vennskap
Spesielt ved Ringebu
Han meiner det er mykje ved Ringebu stavkyrkje som er spesielt. Dei to delane, der stavkyrkjedelen er frå 1210-20,er sett saman med ei utviding frå 1630-31. Det er i seg sjøl spesielt. Den originale helgenfiguren frå middelalderen likeså. Passande nok er det sankt Lars som står her. Etter reformasjonen seier nokre kjelder at han var fjerna frå kyrkja og teke vare på andre stader i bygda, men han har i alle tilfelle funne vegen attende - men utan helgenattributten, som var ei rist.
- Kvar 10. august, på larsmesse, var det lenge etter reformasjonen tradisjon for å ta figuren med ut på prosesjon for å få god grøde, fortel Tvete.
Som ein «potetprest» for kunst og kultur
Ikkje berre bygningsvern
Han tykkjer godt at det skulle vore forska litt meir på kva slags rolle kyrkja hadde i den kulturelle samanhengen, for det meste av stavkyrkjeforskinga har handla om bygningsvern og byggeteknikk- og skikkar.
- Vi veit jo at kyrkja alltid har vore sentral. Da kristendommen kom vart det lagt vekt på å bygge kyrkjene, og for meg er det ein heilagt hus for alt det den representerer, med tru, håp og kjærleik. Det er jo dei berande elementa i livet, seier han.
Sundag kan du høyre Lars V. Tvetes formidling om Ringebu stavkyrkje, i museumsstafetten til Gudbrandsdalsmusea.