Sjoajenta vart hekta på trening for tre år sidan, og no vil ho bruke dette for å bidra til inntekt for kreftforsking.

Bidrag til fleire friske

– For to år sidan fekk syster mi diagnosa hjernesvulst. Sidan eg bur i Oslo brukar eg å vera med ho på kontrollar og slik her. Likevel er eg jo skjerma, som ikkje er der i det daglege. Dette blir min måte å gje litt attende på, seier ho.

Isabel fortel at svulsten syster hennar har, ikkje kan bli operert bort. Ho får cellegift for å halde den nede, men ho kan ikkje bli frisk.

– Det kan hende eg ikkje var så merksam på sjukdommen før eg fekk det så nært, men eg tykkjer det er veldig mange som får kreft. Og det rammar jo kven som helst. Heldigvis blir mange friske, og eg vil gjerne bidra til forskinga, for auke den andelen, seier ho.

Ho har starta sin eigen innsamlingsaksjon via Kreftforeningen, med mål om å samle inn 10 000 kroner til forsking i løpet av året.

Og allereie før fyrste løpet har starta, står 6900 kroner registrert på innsamlingssida.

– Det har gått over all forventning! Eg hadde ikkje noko forventning om når eller om eg nådde målet, 10 000 er ganske mykje, seier ho.

Ultraløp i februar

Løpsdato for fyrste løp i 2016 er 20. februar, da skal ho springe 50 kilometersløp på Bislett. Det er eit Ultraløp - løpe som er lengre enn eit maraton.

– Eg debuterer med Ultraløp i år. Det hadde jo vore veldig artig om kronemålet er nådd før den tid, seier ho.

Og det er er ikkje berre målet på 10 000 kroner ho kan koma til å nå over. Kilometertellaren kan også gå lengre enn dei 750 ho har sett som mål.

– I fjor vart det ganske mange konkurranser. Eg brukar konkurransane som ein måte å oppretthalde treninga, for å motivere meg sjølv til trening, seier ho.

Tidlegare hadde ho aldri vore med på noko slags sport eller aktivitetar.

– I 2013 gjorde eg ei livsstilendring, og har overraska meg sjølv, fortel ho.

Meistring triggar trening

Om nokon for tre år sidan hadde sagt til Isabel at ho kom til å springe maraton, ville ho ikkje trudd det. Men det er mange målsettingar ho har lagt bak seg, etter at ho tok fatt på ein veldig aktiv livsstil.  I fjor var ho med på Furusjøen Rundt-trippelen, Birken-trippelen, Oslo maraton, triathlon og fleire andre løp og ritt.

– Det er meistringskjensla som driv meg, det kicket ein får når ein går over målstreken ... det er så verdt alle treningstimane, då ein eigentleg kunne tenkje seg å bli sittande i sofaen, seier ho.

Det gjer at ho ser for seg at det godt kan bli meir enn dei 750 kilometrane som er målet nå.

Og dersom målet om ti tusen kroner blir innfridd, er det også plass til meir.

– Det hadde jo vore veldig artig å slå begge målsettingane, seier ho.

Mindre arrangement, meir moro

Med si utfordring skal ho prøve å få til eit bra bidrag til forskinga på kreft, samstundes som det blir utfordringar og nye ting å prøve treningsmessig også.

Den store styrkeprøva frå Trondheim-Oslo skal i år ha start halvvegs i rittet, frå Kvam. Det blir fyrste gong i styrkeprøva, landevegssykling prøvde ho fyrst i fjor.

Snart får Isabel landevegssykkelen ho har bestilt, og gler seg til eit ritt ho ikkje har vore med på før. I alle løp og ritt ho deltek i år, skal ho ha ei egen t-skjorte for å promotere saken ho syklar og spring for.

– Eg må jo promotere saken, og eg har allereie fått gledelege attendemeldingar frå fleire løp og ritt som vil sponse deltakaravgifta mi - utan at dei skal ha noko att, fortel ho.

Det er dei minste arrangementa, som Furusjøen rundt, som er mest morosamme å delta på.

– Det er så mykje entusiasme, publikum er heilt med og det er veldig god stemning, seier ho.

Derfor står ho truleg på startsstreken til Furusjøen Rundt i september, også.