Når Byfesten på Vinstra går av stabelen for trede gong i helga, er det med mål om å lage Gudbrandsdalens lengste gågate.

– Vi klarer vel ikkje å slå Storgata på Lillehammer, men kanksje vi klarer frå kommunehuset til Kåja-krysset, seier Rune Støstad i Lillehammer og Gudbrandsdalen Kunnskapspark.

Dei er ansvarlege for arrangementet, saman med mellom andre kunstnarisk ansvarleg Vegard Moshagen og ei kommunal prosjektgruppe.

Målet er ei gågate på tusen meter.

– Men det klarer vi ikkje aleine! Vi er avhengige av at mange bidreg, og ønskjer at næringslivet i større gard trekkjer ut på gata denne dagen. Da kan vi kanskje klare målet vårt, seier Støstad.

Lokal mat

Også lokal mat står i fokus når vinstraverane invitere til byfest nummer tre.

– Vi ser for oss eit mathall-konsept, seier Støstad.

Blant mataktørane på Byfesten i helga er Rudi Gard som heilgrillar lam i sentrum, i tillegg til at dei serverer burger og pølse frå Annis i Ringebu. Farmors Favoritter er med i Byfest-gata med kål, og Bygdekvinnelaget har kjøttkaku på gaffel.

– Kanskje kan Vinstra bli eit lokalt matsentrum i Gudbrandsdalen, legg han til.

Byfesten vart arrangert fyrste gong i 2013 i samband med at Vinstra fekk bystatus.

– Vi såg for oss at dette kunne bli ein årleg tradisjon, eit høve for nordfrøningane til å møtast i sitt eiget arrangement. Dette skal vera ein fest for folket i Nord-Fron, og målet er so dei føregåande byfestane, å skape stoltheit, optimisme og framtidstru, seier ordførar Olav Røssum.

Sentrum i dalen

Han legg også til at alle dølar, ikkje berre nordfrøningane, er inviterte til festen.

– Vi ønskjer at Vinstra og Byfesten skal vera ein plass for heile dalen.

Kulturleiar i Nord-Fron, Ingebjørg Teigmoen Bergum, håper også at utanbygdsbuande frøningar kjem heim denne helg.

– Folk seier at dei set av denne helga og kjem heim. Da har vi treft noko rett, seier ho.

I år er det mellom andre Morten Abel som skal sørge for å dra utfløtte, innfødte og innfløtte dølar til torgs.

– Det blir konsertar frå to scener, ei i kvar ende av gågata, seier Støstad.

I tillegg blir det gamaldans på Bøndenes hus – så sveitten driv.

0,5 millionar kroner

Den økonomiske ramma er i år som i fjor 500 000 kroner.

– Det er eit kjempegodt program som er sydd saman, men det hjelper ikkje om folk ikkje møtar opp. Vi er avhengige av at folk er med og bidreg til at dette blir ein fest, seier Olav Røssum.

– Er Byfesten liv laga framover, trur du?

– Alt ligg til rette for det. Dette er ein fest som har kome for å bli, slår ordføraren fast.